Der ute finst det ei enorm mengd magasin og tidsskrift, og eg tenkjer ofte at eg skulle so gjerne ha abonnert på nokon av dei, eller kjøpt dei regelmessig. Men so veit eg aldri heilt kva for eit eg skal satse på og få i postkassa regelmessig, og eg finn sjeldan noko i butikkane når eg no og då ser etter. Men eg veit at dei finst der ute, desse inspirerande hefta som kan få ein til å bla og bla, eller som får ein til å sitje ein halvtime på ei og same side fordi ein ikkje klarer å sjå seg mett. Til dømes:
1. Print som tek føre seg grafisk formgjeving som er til å drøyme seg vekk i.
2. Rattle som er stappfullt av ny lyrikk, og som heldigvis har ei nettside for dei som ikkje tingar.
3. Hjartemagasinet som er inspirerande og fint.Har de føreslag til noko de har glede av og kan vere verdt å kike nærare på, og som ikkje er for vanskeleg å få tak i?
1 kommentar:
å, ja, dette er et dilemma jeg kjenner godt til. det er mange å velge mellom, og så vil man så gjerne velge det rette. jeg finner stadig nye steder som har leseeksemplarer på ulike magasiner, mgasiner som man kan lese i time etter time. stort sett er det steder som helt tilfeldig dukker opp, så et slikt alternativt er nok ikke av det letteste slaget, kanskje
Legg inn en kommentar