onsdag 9. februar 2011

Sledehund og tigerhund og kosehund

Hunderasa hunden vår høyrer til er eigentleg sledehundar (men dei vart òg brukt te tigerjakt, har eg høyrt). I alle fall so elskar ho snøven.

Translation: She loves snow.

tirsdag 8. februar 2011

Sånne småting som opptek ein litt

- Sy to knappar i ei bukse - Fylle reiseteboksen
- Legge middelalderen bak med (for ei stund)
- Jobbe med fransk presentasjon av tre forfattarar
- Le av gamle bilde
- Sjå Glee
- Prøve å hugse å ta fotografere litt medan det endå e dagslys
- Gløyme å ta bilde medan det endå e dagslys

No snøva det igjen, forresten, og det e eigentleg litt fint.

Translatoin: Just a couple of the things that had been occupying my mind lately. And it started snowing again.

lørdag 5. februar 2011

Blå himmel

I dag kom eg te bevisstheit rundt klokka ti, og merka at lyset var annleis, lysare enn det hadde vore dei siste dagane. So smilte eg litt og sa farvel til det siste biletet i draumen før eg opna auga. Eg hadde nesten gløymt kor lyst det kunne bli, og utanfor dala det ned store, tynne fnugg frå nokre av dei loddengyldne skyene over huset mitt. Lufta var ikkje so alt for kald heller, då eg opna vindauget for å kunne lagre augneblinken litt lenger. Skjønt det vart litt kjølig etter eit par minutt, men slikt gjer ingenting.


Translatoin: today was golden and blue, with a few snowflakes in the morning along with cool, stinging air on my stomach when I opened the window.

fredag 4. februar 2011

Rart regn?

Visste du at det kan regne kattungar?
Det va i alle fall det den litt eldre dama sa
Det må ha sett litt rarfint ut,
Men eg va for oppslukt av Shakespeare og Herrick til å sjå ut
og vere litt tyngre å få i hovudet enn vanleg regn.
Eg håpar folk hadde paraplyar

Translation: During the whole-day test today, the woman who was there to be certain that none of us cheated, said it was reaining kittens. I was too immersed in shakespeare and Herrick to notice.

torsdag 3. februar 2011

Blått støv

Ei lita liste over songar som eg syns passar under den tittelen:

1.Heard it Through the Grapevine (Brids of Tokyo sin versjon)
2.One Last Try (Machine Birds)
3.Skredder (Kråkesølv)
4.Twice (Little Dragon)
5.A Light On a Hill (Margot and the Nuclear So and So's)
6.Moonchild (Moddi)
7.Grizzly Man (Rockettothesky)
8. Epilepsy is Dancing (Antony and the Johnsons)
9. Med en gang eg når bånn (Kaizers Orcherstra)
10. Blackbird (av Alter Bridge)
11.Now's the Only Time I Know (Fever Ray)

115/365


Translation: A list of songs that I think go well under the playlist title "Blue dust".

onsdag 2. februar 2011

tirsdag 1. februar 2011

Nokre smileting

- Å sjå ein liten gut som leikar med ei einsleg klinkekule på golvet
- Nye melodiar og nesten det rette orda
- At no e snøven (sånn eg seie "snøen") vekke i vasskanten (noko som kan tyde skattejakt snartsnart)
- Det e 'kje lenge te vinterferien og Oslo
- Blåmerker som heilt plutseleg dukkar opp på knea (kanskje eg drøymer om å springe rundt på sommargras og snuble litt og le og fortsette å leike?)
- Å ha komt til the point of no return i "The Kite Runner"

(på grunn av det dårlege lyset ute no har det blitt få bilde i det siste, men eg håpar eg snart får teke nokre fine)

Translation: A few things that makes me smile today:
- To see a little boy on the floor, playing with a single marble
- New melodies and almsot the right words
- There is now a frame of dry land around the open waters
- It's not long 'til the winter break and Oslo
- Bruises that appear out of nowhere (unless I dream childish dreams)
- To be at the point of no return in "The Kite Runner"