søndag 13. mars 2011

Draumekrønike - Del 9, Through the Rabbit Hole

Sand Hole

Jord over, under og på sidene. Frå der eg står ser eg inn mot eit stort rom, og viss ein tek den smale stien langs høgre veggen, kjem ein etter tre-fire krypesteg fram til ei ny hole. Eg trur ho vender utover, fordi ein eller to gonger kjem det ein person siglande ned derifrå. Men dei stoppar ikkje der eg er, dei berre forset
nedover, sjølv om det er heilt umogeleg å sjå kva som er i botnen, ettersom det berre er dei to næraste metrane som er svakt opplyste. Lyset ligg jamt utover, so det går ikkje an å vite kor det kjem ifrå.
Veggen nedover hallar svakt utover, forresten, sånn at det blir som ei veldig bratt sklie for dei som fer forbi i. Faktisk er hola berre ein del av ei sklie, for stien lags veggen stoppar rett før det svarte holet, so ein hadde ikkje komt seg ut den vegen. Dessutan kan det jo når som helst kome fleire rutsjande ned, og ein vil jo ikkje ha nokon kollisjon!
Bak meg er det eit anna rom, veit eg, der det er litt lettare å få auge på ting, men eg har ikkje noko behov for å sjå der inne. Kaninene var snille dei, men det er ikkje det eg treng, ikkje nett no. Salat er i alle høve ikkje so gødt.
Når eg tenkjer meg om, so kan jo ikkje det i mørkret framfor meg vere so farleg, for dei ser ikkje redde ut når dei fer forbi. Eg finn ut at det går ikkje so fort, sjølv om det er umogeleg å sjå kven det er som passerer. Det var ikkje so langt ned heller, for eg har ikkje blunka før eg er nede, og det er gras her, eller kanskje innbiller eg meg det, men det er der.
Han helsar på meg, smiler, seier eg må bli med han, ikkje han andre. Men han andre er snill, og han ler masse. Vi gøymer oss under sofaen, på golvet er det trekkoppbilar og , og vi ler når nokon kjem inn, ler so vi ristar, fordi det er fint å le.

Translation: A dream I had this night, about being in earth.

Ingen kommentarer: