tirsdag 22. mars 2011

Wonderful Life

... I alle fall viss eg snart kunne sett litt folk att (nokre har eg ikkje sett på snart to veker, fordi dei var i Spania). Dagane blir gjerne halvvegs repetisjonar av seg sjølve når ein ikkje kjem seg dit ein aller helst vil, til biologiforsøk, te- og Barcelonaprat og teater. Slik var det i går òg:
Heldigvis var lufta tidvis tom for regn, og sola sa hei ein gong eller to òg. Og Hjortane sa hei, på sin måte, sjølv om dei var mest opptekne av mat.

Det vart litt betre når ein kunne gå rundt i ein raud gensar med blomar på (og sola bestemte seg for å skine akkurat då eg bestemte meg for å ta bilde, så både halsen min og gensaren vart alt for lyse, og då eg redigerte vart halsen gusjegrå. Eg trur ikkje husa mi ser heilt sånn ut i røynda).
Ein ting te: tenk at der finst slike som kan skrive so kraftfulle, nydlege tekstar som går rett inn til hjartet og pakke dei inn med rocka rytmer og riff til ein vakker mannleg vokal på same måten som Alter Bridge gjer det her og  her og her (til dømes)!

Translation: When you live close-up to the nature forces, the days sometimes repeats themselves partly. Even though that often isn't too bad, I wish I could've been able to see my friends (some whom I haven't seen for nearly two weeks), finish the experiments in biology, and to to the theatre tonight.
Fortunately, it didn't rain all the time today like yesterday, so I took a walk and met up with some deer, and wore the red sweater I got recently from my father's aunt.

2 kommentarer:

frøken jurio sa...

fint sang av hurts, det. wonderful life.

Regnboge sa...

Frøken jurio: Hm, den må eg sjekke ut!