mandag 14. november 2011

Brenner

Eg ser ikkje so veldig mykje på fjernsyn eigentleg, og det er ikkje slek at viss eg ikkje får med meg det og det programmet, so er dagen eller veka øydelagt. Men sjølvsagt er det jo visse tider då eg blir ekstra glad for at eg slo på fjernsynet akkurat då. Sånn va det for eksempel i dag, då eg slo på fjernsynet ti på hal ni, og eg oppdaga at "Brenner - historier fra vårt land" var starta for fem minutt sidan.
Hans Olav Brenner er ein av dei programleiarane eg likar aller best i norsk fjernsyn. Han er seg sjølv og er god til å få kontakt med folk han intervjuar og pratar med. Det ligg alltid noko ekte i det han driv med, syns eg.
Viss de ikkje har sett han før, so oppmodar er til å skru på fjernsynet på NRK1 kvart øve åtte på måndagar framøve.

Translation: Hans Olav Brenner is one of my favourite TV hosts. He knows how to make an interesting and good show, and he communicates with the people he meet and interview in a wonderful way. Besides: there is something real bout what he does.

2 kommentarer:

Maren sa...

Min favoritt også!

h sa...

Hurra for Brenner og hurra for NRK!