mandag 7. november 2011

Noke magisk frå denne verda

No er det ikkje desember og juletenkjetid endå, men til helga so fer Ingvaldsen til Oslo, og eg har fått klår beskjed om at viss eg ikkje har ynskt meg noke til då, so får eg ikkje noke i det heile (skjønt eg trur ikkje heilt på deg dar, Ingvaldsen, men det e no best å vere på den sikre sida). Difor har eg no tenkt og lurt litt.
I fjor va juleynskjet mitt "Noke so' får meg til å smile". Året før der va det "Noke som eg ser e frå den eg får det frå". I år blir det rett og slett "Noke magisk frå denne verda".
Då veit de det, og juleynskja mine, dei gjeld alle som spør ka eg ynskjer meg.

Translation: Each year I make a wish for Christmas, and since a friend of mine is going to the capital this weekend, she told me I wouldn't get anything unless I figured out my wish now. So here it is: "Sometihng magical from this world".

2 kommentarer:

Maren sa...

Det var et riktig så fint juleønske, det.

Johanne sa...

Eit nydeleg juleønske! <3