onsdag 2. november 2011

Om ei blåklokke

I går gjekk eg stille og lukkeleg i skyene, fordi rett framfor meg på CD-hylla, so såg eg eit cover eg har ynskt å sett skikkeleg på kjempelenge. Då eg kom heim og begynte å bla i det vesle heftet inni, medan eg høyrde på den finefine musikken til Einar Stray, og so va det liksom noke kjent med dei litt magiske strekane som for hit og dit på ein litt sånn forsiktig, kanskje litt sjenert måte. So las eg lista over medverkande. Og so forsto eg alt.
Det va nemleg Terese Blåklokke, og eg vart om mogeleg endå meir glad. Fordi eg syns ho e ein av dei flinkaste til å teikne, og ho klara å avbilde sånn det er inni ein på ein nydeleg måte. Eg føresler at alle alle alle (sjølv om det nok ikkje er so månge som les bloggen her) går inn på bloggen hinna og legg ifrå seg ein lite smil. For du kjem til å smile når du ser og les (for ho set ord på ein heilt skjønn måte) det vakre i det vesle universet hinna.

Translation: I suggest you visit Terese Blåklokke (Bluebell) and admire her pretty drawings.

3 kommentarer:

Terese Blå. sa...

Ååh, søte du. Takk for så fine ord. <3<3

Johanne sa...

Eg blir heilt misunneleg på menneske som kan teikne så nydeleg!

Anonym sa...

Så koselig! Jeg var på konsert med ham i går faktisk:)