fredag 1. juni 2012

Draumekrønike - Del 10: Mannen som fanga brenningane

:) by 333Bracket
Ei rimeleg stor skute, ei slek med solid tredekk og segl som er bitta fast til mastene medan ho ligg til kai, skuta. Vi skal snart kaste loss, fleire av mennskapet (beståande av både kvinner og menn) spring langs dekk, klatrar opp i dei tre mastene, losnar tau og segl. Eg vandrar akterut, eg kan for lite om knutar og vil berre vere i vegen. Eg går heller akterut.

"Du ser treplankane bak det glaset der?" spør han. Skjegget er så stort at eg knapt ser leppene hans, eg berre anar dei som ei lyseraud stripe bak dei gråmelerte krusningane på haka. Ein gong fanga han brenningane i det, skjegget. Han har ei svart skipparhue som dekkjer toppen av hovudet og halve panna hans, og han ser på meg og smiler, slek at tennene syner. Sjølv om han berre har halvparten att, er dei sterke, kvite som bølgjetoppane som sler mot baugen ute på ope hav. "Eg segla ein gong med det skipet," held han fram etter at eg har sett mot glasruta han peikar på. Treet bak er mørkt brunt, prega av lange tider i salt sjø. Oppe langs den øvste planken er restar av måling, ein gong kraftig gul i farge, men no i ein mørk okertone.

Eg står der framleis i døropninga til kahytten der den gamle mannen sit ved bordet og ser på meg. Han er den einaste som ser meg, og det er berre eg som kan sjå han. Han vender andletet halvt bort, slek at det bleike føremiddagslyset famnar om andletet hans, lyset og han er nesten eitt. Det er som om rynkene rundt auga hans blir mjukare, går i eitt med det dovne lyset.

Skyene grånar til, og eg ser ikkje på den gamle mannen lenger, eg ser at skyene er tyngre enn dei var tidlegare. Eg snur og går opp på dekk. Dei andre har auge som blenkjer, ler, har snart fått klare alle segla. Lat oss kaste loss.

Translation: I dreamed of a ship tonight, and an old man showing me the coming thunder. No other saw it, we set sail.

2 kommentarer:

motionocean sa...

Pirater? Det var da ikke den aller værste drømmen å ha! Men torden lyder ikke så bra..

Synne sa...

Jeg elsker å drømme om skip og sjøulker! Dette var gøy å lese!