lørdag 20. oktober 2012

God haust

Eg, mamma og pappa var oppom Aasentunet i dag for å mimre litt, og sjølv om sjølve senteret var stengt var det likevel fint å gå innimellom husa og trea på tunet. Nydeleg stad for fotografering, så lenge ein unngår å få flyplass og betongboksar i bakgrunnen.
Mamma heldt nesten på å gløyme å gje meg ein konvolutt som hadde komt i posten heime. Men berre nesten, so endeleg fekk eg kortet som flinke og fine Gitte laga til meg. Det å sende kort med ynskje om ei god årstid er i grunn noke eg tykkjer fleire (inkludert meg) burde gjere, det er jo like så viktig som til jul, gebus, bryllaup og ferie, eller ka?

Translation: My mother and father came to visit me today, so we drove up to a museum where we went one time I was a child, and it was a nice area for photography. When they were about to leave, my mother remembered to give me an envelope which had arrived in the mail a few days ago, and inside was a card from the pretty girl Gitte, wishing me "happy autumn".

3 kommentarer:

motionocean sa...

1) så fiiiiine høstbilder, og 2) så flink og snill Gitte er, hurra!

Gitte sa...

Kjente at hjertet gjorde et ekstra hopp da jeg så det nederste bildet. Det er godt å se at kortet er mottatt! : )

Synne sa...

Postkort passer til alle anledninger, hoho! Så hyggelig med høstpost!