søndag 14. oktober 2012

Quest for Camelot

Ein gong eg var lita såg eg ein film på fjernsynet. Eg likte filmen, men eg visste ikkje ka den heitte, eller korleis eg kunne sjå den igjen, so det vart med den eine gongen. So vart eg større og gløymde alt. Nesten. Frå tid til anna ville ei scene dukke opp i hovudet mitt, ei scene der ein blind ung mann stod med eit fiskegarn og sa noko slikt som "det tok meg seks veker å reparere det garnet", og eg ville ikkje ha aning om kor den scena var frå. Fram til no.

I filmen Quest for Camelot møter vi Kayley, dotter til ein av riddarane av Det runde bord, som må flykte frå den onde Ruber og heren hans for å advare kong Arthur og innbyggjarane i Camelot om angrepet som ventar. Men når Kayley får vite at Excalibur, Arthur sitt magiske sverd, er skjult ein stad inne i den Forbudte skogen, då legg ho av stad for å finne det. Og det hastar. Dersom Ruber får tak i sverdet før henne, vil han ha Camelot i si hule hand.

På ferda si møter ho Garrett, ein blind, ung mann som bur i skogen og kjenner alle farer og mogelegheiter, Ayden, ein falk med sølvvengjer, og Devon og Cornwall, to drakar som deler kropp, men har kvart sitt hovud. Saman (som i dei fleste eventyrlege teiknefilmar) reiser dei gjennom skogen i jakta på kongen sitt sverd, med mange farer som lurer framom dei, og bak dei.

Dette er ein film med fleire logiske og mytologiske bristar, men eg kan ikkje gjere anna enn å elske den likevel. Teikningane er vakre, og det er noko spesielt med stemninga. Og truleg har det litt å gjere med at eg likte den som lita.

Translation: I just recently came across the film Quest for Camelot and realized I saw it once as a child and loved it. As I grew older I forgot about the film, but there was one scene (the one where the blind Garrett complains over his broken fish net) which would occasionally appear in my mind, without me knowing where it was from. But now I know, and I have found that I still love this film, despite its logical and mythological flaws.

4 kommentarer:

motionocean sa...

Den virker jo ikke så verst! Skrev den opp over filmer jeg må se!!

Gitte sa...

Det er straks mer spennende med filmer som ikke er Disney - Disney får man påminnelser om hele tiden, alle kjenner til de. Jeg er usikker på om jeg har sett denne filmen, det virker noe kjent med den. Men jeg husker jeg elsket Svaneprinsessen-filmene!

Synne sa...

Åååh, det er så koselig når man finner igjen sånt! Den ser sjarmerende ut!

Johanne sa...

Er det mulig at eg ikkje har sett denne før? Det verker som ein film eg hadde elska som liten, og derfor også elska no (eg veks ikkje slike ting av meg eg, hehe). Eg skal sjå den, kanskje allereie i kveld, dette er ein teknefilm-haust for meg, eg ser nesten berre teiknefilm. Love it.