fredag 30. november 2012

Ei lita påminning (før prøver og eksamenar)

Ein ven av meg kom med ein teori om at eg er eit konkurransemenneske, ein gong etter at vi hadde fått tilbake arbeidskravet i pedagogikk, og eg gav han rett. Eigentleg har eg eit enormt konkurranseinstinkt som driv meg framover, og som gjer at eg blir litt betre.

Etter mi meining er konkurranse ein god ting. Det å vere hakket framfor skjerpar sansane og inspirerer og motiverer til framgang. Det å bli betre er eit gødt mål å setje seg. Men det som er viktig å påpeike er at det handlar ikkje om å vere betre enn dei andre. Det handlar om å bli betre enn seg sjølv. Det handlar om å bevise at sjølv om ein ikkje klarte å skrive ei perfekt oppgåve eller få alt riktig på ei prøve, so klarte ein å gjere det betre enn sist gong. Og sjølv om poengsummen kanskje er lavare enn sist, so kan ein likevel meir enn før førre prøve, og det er det som tel, at ein stadig blir ei betre utgåve av seg sjølv.

Translation: Just a reminder to all of you who are to have tests and exams before Christmas: it's not about being better that the others. All that matters, really, is becoming a better version of yourself.

1 kommentar:

motionocean sa...

jajaja, jeg er helt enig!!! Konkurranse-instinkt er BRA!!