søndag 19. mai 2013

Klår sjø

No når sommarsola står høg og varm på ein skyfri himmel, høver det fint å fare utover fjorden der nesten ingen andre fer (sett vekk ifrå ærfuglar, måsar, terner og ørner) for å vitje kobbefamilien på fem.

Fjorden er so vakker på slike dagar, når fjell og tre speglar seg i vassflata, og når sjøen er so klår at ein kan sjå lenger enn ein kan elles, so ein kan få auge på både kråkebollar, sjøstjerner og manetene som har invadert fjorden i hundrevis, fleire månadar for tidleg. Og om ein er heldig får ein bli vitne til ein fiskestim som dansar og svingar seg framfor og under båten. Det er eit sjeldan syn!

Translation: Now that we have 26 degrees celsius, a trip on the fjord is quite suitable.

4 kommentarer:

Maren sa...

Nydelig!

Benedicte sa...

Så alt for vakkert!

Synne sa...

Det blir liksom litt meta med sånne speilbilder, hihi. Så bra at du nyter sommerværet!

Lisa Cecilia Elstad Rehnlund sa...

Så ut som en herlig dag, og utrolig fin hund! :)