onsdag 1. mai 2013

Månadsskifte

April forsvann plutseleg, og tok med seg dei siste fristane og innleveringane, fine veninnekveldar, fem romanar, nattsvermarar forbi vindauget, skiftande vêr, dei fyrste vårblomane (snøklokker, tusenfryd, krokusar og scilla) og sist, men ikkje minst: eit herleg Oslo-eventyr.

No blir det eksamenslesing, so snart eg har jaga vekk forkjølinga som vart med i bagasjen etter turen til hovudstaden. Trur ikkje det skal gå so veldig lang tid, med silkeskjerf rundt halsen, triveleg lesnad, papir og blyant i handa, og ein kontinuerleg straum av te nedover halsen. Utanfor bles regnvindane.

Translation: Suddenly the days of April are memories, and I dare say they are jolly good ones! In the following month, I will prepare for my first college exams. I just need to get this cold over with.

3 kommentarer:

Milla sa...

Du ane ikje kor mye kommentarane dine betyr for meg. Eg smilte mær og mær ittekvart som eg leste de. Tusen trillioner takk snille du <3

Og masse lykke te med eksamener og sånn, eg heie på deg :)

motionocean sa...

God bedring, tihi!

lindater sa...

God bedring, og lykke til med eksamenslesning!