onsdag 19. juni 2013

I dag og i morgon (Olav H. Hauge)

Eg er berre ein gneiste
av den store eld.
Og som eg kveiktest i myrkret,
skal eg slokna ein kveld.

Eg er den bylgja som brusar
i denne stund,
med nye fødest og fyllest
og gamle sig i blund.

Eg er det bladet som blakrar
i denne vår.
Du skal skjelva i stormen
eit anna år.

Eg er den vakande, eigande,
det auga som ser,
den dropen som no speglar
himmelens vêr.

Eg lever og gløder,
veit ikkje kvi -
Verdi med blomar og kvende
er i dag mi.

Du skal eiga all venleik
på denne jord
når eg longo er burte
og kvorvne mine spor.

2 kommentarer:

Maren sa...

Dette er et nydelig dikt!

lindater sa...

Så fint! Olav H Hauge er en dikter som jeg har lest veldig lite av, men som likevel har skrevet dikt som alltid har noe fint ved seg