onsdag 4. august 2010

Om tonar på nattbordet

I eit fint dekorert etui som ligg på nattbordet mitt, er mange vakre, gamle tonar skjult mellom tre og metall. Av og til opnar eg forsiktig loket på etuiet og tek ut munnspelet, trekk pusten og bles luft gjennom det, langsamt, slek at tonen vert nesten uhøyrleg og varer lenge, somme tider litt lenger enn eg klarar å blåse òg, på dei djupaste tonane, og då smiler eg litt for meg sjølv medan lyden liksom fyller alt, og får alt til å vibrere på same måten som massingplatene inne i spelet.
Nokre gonger spelar eg små melodiar, sånne som eg kjem på akkurat dar og då, og andre gonger tenker eg på kor fint pappa spelar på sine munnspel, eller kanskje undrar eg meg litt på korleis det høyrdest ut dei gongane farfar, som eigde munnspelet fyrst, spelte på det.
(Ein gong ska eg spele Snusmumrikken sin song heilt perfekt.)

Ingen kommentarer: