fredag 31. desember 2010

Den siste natta i året

I dag e alle stjerner litt sjenerte og gøymer seg bak skyer høgthøgt oppe på himmelen, dei som det regnar litt frå, men ikkje for mykje. Eg trur det går bra om ein tek på seg regnjakke og tjukkelabbar i støvlane, og pysjamasbukse går fint. Kanskje eit stort skjerf òg.
Snart blir himmelen pryda med raudt, grønt og gult støv som knitrar, og krutlukta breiar seg over dalen. I ein halvtime kanskje. So ventar eg endå litt lenger, og kanskje kikar ei stjerne eller to fram likevel?

4 kommentarer:

johanne regndans sa...

godt nytt år, fine

Kjersti Dahle sa...

stjerne stjerne skyer på himmelen røyk og glimt av farger og jeg er litt full men jeg vet vet at du er fin og jeg håper alt føltes helt magisk for deg i kveld. at du kommer nærmere og nærmere å kysse en fantastisk gutt. at hunden er ekstra våt på snuten, at sangen du lyttet til like etter midnatt fylte hjertet med magisk lyd.

Maren sa...

Godt nyttår!:)

Regnboge sa...

Johanne regndans: Takk det same^^

Hysj: <3

Maren: Te deg òg:)