fredag 3. desember 2010

Snakk om elgar, so kjem dei

Klassa vår har ein adventskalendar som fungerer slik at i starten av matfri samlast alle interesserte på klasserommet, nokon ber fram ei kasse med mange raude konvoluttar i, samt ein pakke med datoen på. Ettersom eg ikkje har vore på skulen tidlegare i desember, so va jo ditta litt nytt for meg. Medan nokre andre rotar rundt i haugen av raude konvoluttar, so står eg og ho nydlegaste og lettsykkelelgen og pratar, litt om at han skal gje tilbake mobilen hennar, og litt om at han e ein elg, ogso høyrer eg namnet mitt lese opp, og so går eg opp til kateteret og knyter opp snora og tek av teipen, og oppi var intet anna enn ein adventsstake. Med elgar. Og so var der kompliment frå klassa.
Og sjølv om det ikkje e so veldig julete, so høyre eg på Rise Above This av Seether, fordi eg blir glad av den songen.

Translation: In class we have an advent calendar, and each day we draw the person who's getting the present for the day. Today I was the lucky one, and I think I really was lucky. Now my room will get som Christmas spirit to it!

Ingen kommentarer: