søndag 10. april 2011

Orgeldraumar

Den mørkebrune kommoden på rommet mitt har blitt gjenforeint med det mørkebrune el-orgelet, det utan lydstykreknapp, noko som gjer at lyden fyller heile rommet og eg høyrer ikkje meg sjølv syngje til,
 og då ville munnspelet til farfar vere med, det med nokre lause delar inni som lagar skurrelyd, ilag med capoen og eit plekter,
 og sidan eg ikkje har noteark, so får post-it-lappar med gris på, dei so ei av dei vakraste venindene gav meg, ta den plassen som arka skulle hatt,
og sjølvsagt må den gule glasbrikka frå Knopflerkonserten i sommar vere i nærleiken,

slek at eg kan drikke te viss eg ikkje kjem på noke å spele.

Translation: Now the electric organ has found its place on the commode in my room, along with my grandfather's harmonica, my capo, one of my picks, post-it notes and the souvenir from the Mark Knopfler concert last summer, in case I need some tea while tihnking of what to play next.

3 kommentarer:

Martotopia sa...

åååååh, fint orgel!

Synne sa...

Godt og blandet! Så mye morsomt og sjarmerende!

Regnboge sa...

Martotopia: Det va det eg tykte òg, særleg når det va nummererte tangentar, slik at eg treng eigentleg ikkje kunne notar.