fredag 6. april 2012

Ylva

Som nokre av dokke kanskje veit, so er yndlingsteikneserien min Thorgal, av Van Hamme og Rosinski. Saman skreiv og illustrerte dei 29 album i perioden 1980 til 2006, før dei enda dette prosjektet. Men, historia om Thorgal og familien hans er ikkje avslutta. Fleire nye historier er blitt publiserte, og i går og i dag har eg storkosa meg med Ylva, som fyrst kom ut  i 2011, og som stod på trykk på norsk i Fantomet-bladet i år.


Ylva er dottera til Thorgal. På det tidspunktet historia "Raisa" finn stad, er både Thorgal og Jolan (Ylva sin storebror) borte på kvar sine reiser, og Ylva bur saman med mora Aaricia i ein vikinglandsby. Livet her er langt ifrå enkelt for jenta, for ho er ein framand, dotter av bastarden frå stjernene. Men Ylva er ikkje eit vanleg barn. For det fyrste har ho arva faren sitt temperament og hans evner i bogeskyting, og for det andre kan ho forstå og snakke med dyr.

Desse eigenskapane, i kombinasjon med hovne gutar, uforståande mødre, ein flokk ulvar og ei mystisk hole, opnar opp for eit eventyr som, når ein er ei lita jente, nok hadde vore tryggare om ein hadde hatt ein dyktig storebror eller ein sterk far ved si side.






Translation: Yesterday and today, I have enjoyed reading the new spin-off series from my favourite comic of all time.

Ingen kommentarer: