mandag 14. januar 2013

Dagen før ei stor prøve

Det å sitte på hybelen eller biblioteket og nilese den siste dagen før ei prøve er ikkje det beste etter mi erfaring, særleg når det er ei stor semesterprøve. Og sidan eg fekk til å lese pedagogikkpensum minst to timar kvar dag i førre veke, so er mykje av stoffet lagt inn i hovudet mitt til heving sånn at alle kunnskapane (forhåpentlegvis) er klare til i mårå. Då skal dei steikast på full varme i tre timar. Håpar resultatet blir bra, (men det er litt skummelt å ha skikkeleg pedagogikk-prøve for fyrste gong).

Forslag til kva ein kan gjere medan pensum hevar er å ta ein spasertur på ein time mellom norskførelesinga og middag (gjerne saman med eit par fine menneske som syner deg at turvegen går lenger enn du trudde, faktisk heilt opp til vatnet som for tida er islagd), prøve å lage smoothie for andre gong i ditt liv med ananas, kokosmjølk og gulrot (og finne ut at den oppskrifta nok treng litt vidareutvikling), Studere korleis månesigda er litt breiare enn i går, forsøke å teikne inspirerande menneske og lytte (og svaie) til tjuktflytande jazz. Og til slutt kan du jo kanskje fare ned på biblioteket ein time eller to likevel.

Translation: Tomorrow I have a big test, and my way of preparing is to do many relaxing things, letting the theories and definitions settle in my mind.

4 kommentarer:

Synne sa...

Jeg pleier også å koble av og tenke på andre ting dagen før! Håper prøven går bra!

Maren sa...

Lykke til!

Benedicte sa...

Lykke til fine deg!
jeg prøvde å lage smoothie igår jeg også, vi har ingen smoothie mikser så jeg bruker en bitteliten mikse-sak. vel, det blir ikke så veldig godt blandet men godt blir det ihvertfall. wmoothie naam!

motionocean sa...

Det høres så fint ut, det! LYYYYKKE TIL! (eller, det blir jo heller: håper det gikk strålende!)