søndag 3. februar 2013

Når ein er heime

Når ein er heime går liksom tida litt seinare. Ein tenkjer at nei, ein treng ikkje skrive blogginnlegg i dag, gjorde jo det i går, men so var det ikkje i går. Og plutseleg var ein i ein ny månad som bjynte like bra som den førre slutta, med dalande snøv og fuglar på brettet utanfor kjøkenglaset, og kanskje to eller tre par fugleføter på handa dersom ein er heilt, heilt stille og pustar roleg med vindauget ope og handa ute på brettet. Ei blåmeis og ei granmeis. Minst.

Når ein er heime kan ein ete blåbærpai når ein vil, so lenge ein tek små stykker so det ikkje synest, med mindre du går månge gonger. Og det gjer ein jo. Og mamma berre smiler av det, og pappa er nesten oftare inne med paien enn ein sjølv. Når blåbærpaien er oppeten kan ein sitje ved bordet og ha timian og peppermynte på glas, eller ein kan spele Monopol og få monopol og byggje hotell på dei dyraste gatene. Eventuelt kan ein gå ut og puste vinteren. Eg har ganske mykje vinter i lungene no.

Translation: Sometimes you entirely forget that the days pass by, especially if you are at home and are busy eating good food, taking walks in the falling snow, and watch birds. Now I have winter in my lungs.

3 kommentarer:

ingeborg sa...

tusen takk for veldig fin kommentar! det ble jeg glad av å høre.

dette innlegget er akkurat lik min følelse av å være hjemme. monopol og å lure seg til å tro at ingen ser deg spise opp paien, og særlig en pappa som gjør det samme. så fint, så fint. og det er lov å ta seg bloggfri, det gjør jeg alltid når jeg er hjemme.

Synne sa...

Jeg elsker å kjenne vinteren i lungene, og tida går merkelig nok saktere hjemme hos mine foreldre også. Så hyggelig å få det siste stykket pai! Kos deg videre hjemme!

motionocean sa...

Nydeligfint. Hurra for snø og kake og fine måneder :D