lørdag 8. juni 2013

Laurdag

Ein gong kan det kome ein dag då du oppdagar at det er laurdag, og at du ikkje har hatt laurdag med skikkeleg laurdagskjensle på fleire veker. Då føresler eg at du startar dagen med ein gamal episode 20 spørsmål med yndlingsforfattaren din, akkopagnert av iste og ein enkel frukost, før du legg eit skjerf rundt halsen (dersom det er kjølig), sleng på deg ei jakke med hette (dersom det er regn i lufta) og pakkar veska med penn og papir, eit handlenett og to hundre kroner kontant, helst samla i ein stor, blå seddel. Det gjer ein litt nostalgisk og tenkje på at ein i lommeboka har ein papirlapp verdt to hundre kroner, og at dei pengane skal ein bruke på akkurat det ein har lyst til.
Fyrste stopp er kanskje gjenbruksbutikken der dei har bøker til ti kroner stykket og koppar til ein femmar. Og når ein finn ein blå kopp med kvite skyer og to bøker, då gjer det ikkje so mykje at Bokmannen over vegen er stengd. So kan ein vandre litt igjen, svinge innom helsekostforretninga der det finst te og fleire spennande varer, før ein endar runda på Asia-matbutikken der dama bak disken tipsar ein om verdas beste juice, og ein plukkar med seg diverse varer som ser gode ut.

4 kommentarer:

Synne sa...

Åh, så fin kopp! Perfekt for å holde rundt når man dagdrømmer med hodet i skyene, hoho!

Maren sa...

Åh, den koppen! Nydelig! Fikk god lørdagsfølelse av dette <3

motionocean sa...

DET er fint, det. Takk for en superfin tekst!!

Benedicte sa...

Å, dette er også en av mine favoritt-lørdagshobbyer, hvis man kan kalle det det. Perfekt, og jeg har en lignende kopp faktisk!