lørdag 30. april 2011

Løytnantshjarte

Eg plukka eit løytnantshjarte i dag.
 Eller, eigentleg er det ikkje eit løytnantshjarte, er ikkje heilt sikker på ka.
Men han vil alltid vere ein løytnant for meg, blomen.

Translation: A flower.

fredag 29. april 2011

Nokre solsmileting

 1. Plenen vår er eigentleg ikkje grasplen, men moseplen.
 2. No kan ein henge ting til tørk på klessnora mellom plometreet og epletreet.
3. Eg fann den finaste Austen-forteljinga ved puta på rommet når eg kom heim (takk, snille broren).

4. I går såg eg eit av yngdlingssmila mine (som eg ikkje hadde sett på fleire månadar), og det va so himla fantastisk!

Translation: Four things that makes me smile today: our lawn consists of more moss than grass, it's time for hanging clothes outside to dry, "Mansfield Park" lay on by bed when I got home today, and yesterday I saw one of my favourite smiles again.

onsdag 27. april 2011

Willow's Song

Untitled by kelly.marie
Heigh ho
Who is there?
No one but me my dear.

Please come
Say how do the things I'll give to you?

A stroke as gentle as a feather
I'll catch a rainbow from the sky and tie the ends together

Heigh ho
I am here
Am I not young and fair?

Please come
Say how do the things I'll show to you?

Would you have a wondrous sight?
The midday sun at midnight

Fair maid, white and red,
Comb you smooth and stroke your head

How a maid can milk a bull
And every stroke a bucketful

(Magnet)

tirsdag 26. april 2011

Etter påske

 Vi fann nokre tekøppar i gamlekantina i dag. Dei va digre, og Tarzan trudde ikkje på at det var tekøppar.
Ingvaldsen var skikkeleg fargeklatt i dag
I videokonferanserommet var det lysflekkar i engelsktimen.

Og på heimvegen var det eventyrlys (viss ein hade teke vekk alle hus og liknande, og sett inn nokre magiske dyr mellom trea)
Forresten, høyr litt på Antony si stemma (og orda) i "The Spirit Was Gone"!

Translation: This day contained tea in enormous cups (which one of my friends insisted was not a tea cup), colourful friends and nice lighting.

2. påskedag

Her i bygda er det ein tradisjon at 2. påskedag, i kyrkja, so ber ungane påskeliljer, som står rundt alteret heile gudstenesta. Og når den e over, tek dei kvart sitt glas igjen og ber dei ut for so å stille seg langs vegen og dele ut påskeliljene til dei som går forbi. Eg syns det er ein fin tradisjon!

Translation: On monday, in church, the children carried daffodils inside, and afterwards they stood outside and handed out the flowers to the people passing by. I think that is a marvellous tradition!

søndag 24. april 2011

Om å ete ute

Pappa hadde med hjortebiff som han steikte med løk,
og poteter,
 og mamma hadde laga pinnebrøddeig som vi steikte over bål medan pappa hadde grillen,
 der han, etter ei stund, steikte gulrøter, brokkoli og blomkål.
 Hunden såg mot grillen på den her måten:
 Sånn såg maten ut til slutt (vovven fekk smake litt, altso):
Hundar har forresten fantastisk sterke nakkar og kjevar.
(no luktar håret og huda mi bålrøyk, og eg gledar meg til å legge meg i kveld, med den lukta rundt meg)

Translation: Today we ate in the wild. My father prepared deer meat and vegetables, while my mother had made dough which we roasted over the open fire. I love dinners out.

God påske

... til alle saman. I går hadde vi påskeeggjakt ilag med to av syskenborna våre, og sånn såg dei ut (egga altso):

Translation: Happy Easter to all of you. yesterday we went on a Easter egg hunt, and this is the result.

lørdag 23. april 2011

Sol, endeleg!

 Dei seier at du må snu andletet mot sola, så ser du ikkje skuggane. Men kva med dei skuggane som ikkje er dine eigne?
 Eg trur det beste av og til kan vere å la sola varme ryggen og le litt av sin eigen.

Translatoin: They say you should turn your face towards the sun, then you don't see the shadows, but what about the shadows which aren't your own? Perhaps you should let the sun warm your back as you look at your own and laugh.

torsdag 21. april 2011

Møt Julia

Ho har sjokoladebrune auge, og ho snakkar ikkje. Ho syng. Ho er alltid mykje klårare enn det som er rundt henne.

Translation: Meet Julia. She had chocolate brown eyes and doesn't speak. She sings. She is always much clearer than her surroundings.

onsdag 20. april 2011

Vår i skogen

Hei, frk. Jordløpar (kanskje)!
Hei, hasselporten som fører til den andre sida av seg sjølv!
Hei, kjuker!
 
Hei, kvitveisknoppar på støylen!

Translation: Hello to the beetle, the hazel portal, the mushrooms and the wood anemone buds.

tirsdag 19. april 2011

Funn frå fjordturen

Restane av ei vindvøksa (dialekt for noko som har vakse og vridd seg av vinden, adjektivet er her med hokjønnsending) føre,
 ei rot som omfamna ein stein,
 og to sneglehus og eit ekstra fint blåskjel.
vi fann nokre blomar (kvitveis, gulstjerne og ein lilla orikdé-liknande sak) og insekt (jordmidd, skrukketroll og tusenbein) òg, men dei gløymde eg å ta bilete av.

Translation: Treasures from the fjord and its shores.

mandag 18. april 2011

Eit sjorereir

 
(Ingen sjorer eller egg vart skadde i prosessen med å ta ned reiret, sidan familien har flytta inn i det meir moderne bustadkomplekset i epletreet då dei skjønte at plometreet utgjorde eit for gamalt fundament i snøfulle vintrar.)

Translation: (I guarantee that no magpies or eggs belonging to them were hurt in the process of taking down their nest, as the magpie family realized that the plum tree's foundations were too weak in winters of much snow, so therefore they moved to the more modern household in the apple tree.)

søndag 17. april 2011

Laid In Earth (Henry Purcell)

when I am laid in earth
am laid in earth
fire walk with me by laura makabresku
may my wrongs create
no trouble no trouble in thy breast
cold sunset by laura makabresku
remember me!
remember me!
blue vein by laura makabresku
but ah!
forget my fate!
Joanna and wind by laura makabresku

alle bilete: laura makabresku

lørdag 16. april 2011

Te og kake


Som seg hør og bør når broren kjem heim og hadde gebus dagen før.

Translation: We celebrated my brother's birthday today.

fredag 15. april 2011

Om englekjolar, Austen-kjensler, fint hår og litt meir

I dag gjekk eg med England-krossen som bror min hadde med til meg (nokre andre enn meg som skjønar at eg kjende meg like heldig som Fanny Price?).
I staden for fransk vart det teater i dag, og dei va verkeleg flinke, og det var nesten sånn at når han sa at ho ikkje elska han, so ville eg sei' at eg kunne elske han. 
 
I matfri var det den finaste Yogi-te-lappen eg har fått noken gong, og eg skal hugse på den lenge, og gøyme den vekk ein lur plass.
 Ingvaldsen har forresten heilt fabelaktige bølgjer i håret som snurrar seg på magisk vis. Formidable, non?
 No har eg dessutan døypt den grøne kjolen min for Botticelli-kjolen,
fordi den posar seg som englane i "The Mystic Nativety", eit måleri som dokke måmåmå sjå nærare på, og søk Botticelli opp og sjå alle dei fine verka hans!

Translation: Feeling like Fanny Price wearing a cross given to me by my brother after his journey abroad, being at the theatre, finding good words in the tea, admiring my friend's amazing hair, and baptizing my green dress "The Botticelli Dress" because it reminds me of the dresses that his angels wear.

onsdag 13. april 2011

Fantastisk

Sånn kjende eg meg i går og i dag tidleg:
 So, på bussen, segla ditta ned i fanget mitt då The Flying Dutchman gjekk på bussen, med kommentaren om at Ingvaldsen hadde gjeve han den i går med beskjed om at eg måtte få den før eksamen.
Oppi konvolutten og inni pakken, mellom sylteglaslok og grøn ull, låg denne vesle krabaten (det nærmaste ho kom til ein harelabb), og rett etter at eg hadde sett den på, so høyrde eg "...and if somebeody's going to make it, that somebody ought to be you..." gjennom radioen.
Då smilte eg massemasse, og i tolvtida, då eg hadde eg prata ferdig med sensorane, vart eg omlag sånn:
Og medan eg hugsar det: høyr

No lagar mamma vafler.

Translation: I felt so incredibly nervous yesterday and this morning, but then I recieved an envelope from one of the most amazing friends, with a note that wished me good luck on my exam, and around twelve o'clock (I think) I felt so relieved. The ring had done its duty.