mandag 30. april 2012

Om å ha ein dansepartnar med vengjer

Det er eg som ser han fyrst, der borte ved den blå blomeoppsatsen. Han ser meg rett etterpå, og eg latar som om eg ikkje har sett han i det eg nærmar meg, tilsynelatande berre med auge for dei kongeblå kronblada. Ei stund står eg og studerer dei medan han konverserer med ei godmodig humle som brummar når 'o ler. Med eitt har han prata frå seg og svingar seg forbi meg og dreg med med ut på golvet og fører meg roleg rundt på det grønvevde golvet. Han slepp meg eit sekund medan eg spinn rundt og går ei halv runde rundt meg før han tek meg imot att, og så snurrar vi saman fire gongar før vi slepp den andre og fer til kvar vår ende av ballsalen. Men vi finn kvarandre att og høyrer ikkje at musikken stoppar.
Brimstone by Regnboge
Sommarfuglen er for øvrig ein Gonepteryx rhamni, eller sitronsommarfugl som vi gjerne kallar den, og høyrer til i familien Pieridae, kvitvengjer.
Translation: I danced with a brimstone today.

2 kommentarer:

motionocean sa...

Finfintfint!

Synne sa...

Hihi, så morsomt skrevet! For en fin fyr!