mandag 29. april 2013

Nokre fyrste gongar

- Å ete kjøpte makronar (og finne ut at heimelaga er betre).
 - Å gå langs bokhyllene i Maritabutikken i over ein halvtime, heilt åleine med seg sjølv og titlane.
 - Å fare på søndagsmarknaden på Birkelunden.
 - Å skode på pastellhusa medan ein ventar på trikken på Høyskolesenteret.
 - Å gå so nære Slottet før ein tek vegen gjennom Slottsparken.
 - Å finne ein kjole som har tilnærma likt mønster som voksduken på farmorkjøkenet.
 - Å motta Fridtjov Oos' legat (under blir eg gratulert av Marta Norheim, som delte ut prisen og var i juryen).
- Å ete lunsj på Åpent Bakeri.

Translation: I've been enjoying Oslo with a lot of new experiences.

onsdag 24. april 2013

"I am flying on a star into a meteor tonight"

Eller, ikkje akkurat i natt. Men natta som kjem fører ein nærare den kvelden som ligg der framme og får smaragdmålarar og slørhalar til å fyke og symje rundt i magen, litt smånervøse for at alt er eigentleg berre ein tankeleik, ein dagdraum som har gått litt for langt. Slik som i den filmen eller romanen der hovudpersonen fyrst lever eit fantastisk eventyrleg liv, for so å oppdage at alt berre var inne i hans eige hovud. For so å oppdage at han eigentleg lever eit miserabelt og stilleståande liv som aldri går vidare.

Men av og til blir dagdraumar omgjort til realitetar, til konkrete sanningar som er urokkelege og dynamiske på same tid, og som ligg der som eit fast haldepunkt å navigere etter.



Translation: The approaching night will bring one closer to the evening ahead. Essex Emeralds and fantails are flying and swimming in my stomach, worrying whether it is true or whether I will soon wake up to find it to be a stupid daydream. But even daysdreams can become realities.

tirsdag 23. april 2013

Bokdag


I høve verdas bokdag (som eg gjekk nesten ein heil dag utan å vite at var), so let eg meg inspirere av Regndrope og lagar ei lita bokliste. Her følgjer nokre bøker som eg tykker høver til lyse vår- og sommardagar i graset under eit epletre, eller på sengekanten med ope vindauge som slepp inn den lune nattelufta, i von om at desse dagane og nettene snart er i emning.

Forester, C. S.: Midshipman Hornblower
Grahame, Kenneth: Det suser i sivet
Hamsun, Knut: Victoria
Hansen, Erik Fosnes: Beretninger om beskyttelse
Hardy, Thomas: Under the Greenwood Tree
Hemmingway, Ernest: The Old Man and the Sea
Jansson, Tove: Farlig midtsommer
Lewis, C. S.: Prins Caspian
Petterson, Per: Ut å stjæle hester
Vesaas, Tarjei: Fuglane


Translation: A list of books which I find suitable for sunny days of spring and summer, preferably read while sitting beneath an apple tree, or just before you go to sleep with the mild night air seeping through your open window. I hope those days and nights will be here soon.

søndag 21. april 2013

Vinden og eg

Dei siste dagane har det vore so kraftig vind at hengebjørkene svaiar konstant, og lauvverket på rhododendronbusken rett utanfor vindauget mitt kviler aldri. Når ein er ute, bles vinden gjennom håret og ruskar det til, og i krappe kast prøvar den å vrenge av meg jakka, og når eg hentar posten prøvar den å snappe postkortet frå London ut av handa mi.

Det er fyrst no eg innser at vi ikkje har hatt skikkeleg vind på over tre månadar. Eg håpar det ikkje blir like lenge til neste gong, for vinden er so god. Særleg om du føler at du pustar inn den same lufta som du pusta ut, og du treng nokon som kan puste litt saman med deg.
   Winter Winds by Viola Cangi
It's time to live, free, despite wind opposition. by Siréliss
Untitled by Aubry Aragon

Translation: Wind is here, and I just realized it hasn't been around for three months. I have missed it so.

fredag 19. april 2013

The Bell Jar

Esther Greenwood har dei mest fabelaktige utsikter ei ung jente kan ynskje seg: toppkarakterar i alle fag, ei gryande karriere som skribent, eit luksuriøst liv i New York med perler og pelsar, og ein ung mann som står klar til å gifte seg med henne. Men er det verkeleg mogleg for ei kvinne, i midten av det tjuande hundreåret, å ha alt dette og samtidig leve eit fullverdig liv? Esther må velje kva veg ho vil satse på, ho må velje kva frukt på fikentreet ho vil klatre etter. Og greinene er ikkje so solide som ein skulle tru.

The Bell Jar er ein mørk roman om det å gradvis nærme seg botnen av juvet for so plutseleg å ligge der, kjenslemessig paralysert, i ein tilstand der det einaste som lever er ynskjet om å gjere det slutt. Det er ein roman som hånar både eg-et si maktesløyse ovanfor det å ende sitt eige liv, so vel som av samfunnet si handtering av "nevrotiske" kvinner og kvinner som ynskjer noko anna enn å ende som slavar i eiga hushaldning.

I delar av boka er det som om det er du sjølv, og ikkje Esther, som opplever alt det vonde som skjer. Skrivestilen, og tonen i historia, er ulik før, under og etter samanbrotet, noko som gjer det heile veldig truverding og gripande. Plath syner ei imponerande evne til å vere vittig og bitter på same tid, og ho kontrollerer språket på ein nydeleg måte. Til og med når hovudpersonen opplever mental stillstand, florerer forfattaren sitt språk i vakre, vonde bilete og formuleringar som tidvis sler ned heile livet. Nesten. For sjølv om dette er ei forteljing om å rase ned i tomheit og motløyse, er det òg ei forteljing om å få tilbake håpet og livet. Kanskje.


Translation: I recently read Sylvia Plath's novel The Bell Jar, and I am astonished and devastatingly touched. Read it, please.

onsdag 17. april 2013

50 grunnar til å like engelsk

amend                                                                           gnaw
elucidate                                                                        perpetual
mortification                                                                  succumb
moult                                                                             conglomeration
soar                                                                               smug

mesmerizing                                                                  mollify
foliage                                                                            endorse
conundrum                                                                     murmurous
annahilate                                                                       petrichor
meticulous                                                                      enrapture

chalice                                                                            diligence
forfeit                                                                               moist
ascent                                                                             elquence
demure                                                                            impetuous
marvel                                                                              current

ordain                                                                               solace
squander                                                                          tendril
amass                                                                              intersperse
undulate                                                                            accuracy
mirth                                                                                 infernal

ambrosia                                                                           amid
illuminate                                                                           relegation
vulpine                                                                              ardently
protrude                                                                            adamant
insolence                                                                           impede

Translation: 50 reasons why English is a beautiful language

mandag 15. april 2013

Om litt

Plutseleg vart det slengt inn ein liten ferie (med pensumbøkene i veska) innimellom all forelesning. Om ti dagar får eg sjå Oslo att. Det blir fyrste gongen eg vitjar hovudstaden om våren, og eg har trua på at byen vil vere like vakker som vanleg. Kanskje til og med litt meir?

Translation: In ten day's I'll say hello to Oslo. This will be the first time I visit the city in springtime, and I believe if will be a nice experience.

fredag 12. april 2013

Sporar

Sporar som fyk ut av sporehusa, som skinande stjerneskot å sjå til i sollyset, for å slå rot ein stad.

Mosen har generasjonsveksling, noko som vil seie at annakvar generasjon er kjønna (med eitt sett kromosom) og ukjønna (med dobbelt sett kromosom). Altso: den grøne, bustete/greinete delen er anten ein ho-plante eller ein hann-plante. Den tynne stilken med eit sporehus på er den ukjønna planten.

Translation: Mosses fascinate me because of their alternation of generations. And because they look extremely beautiful.

onsdag 10. april 2013

Woodsmoke


No har eg trua på at vinteren har sloppe taket på ordentleg, at blomar og lauv kan spire og dekkje marka, at insekt vaknar frå dvalen so ein kan fare på ekspedisjonar for å observere dei, at sola gjer ein lov til å ha på vårjakke.

Translation: Now I believe the winter has loosened his grip, so that flowers and leaves can start covering the ground, so that insects awake, and so that one can wear light spring jackets instead of heavy winter coats.

søndag 7. april 2013

Medan ein ventar

Medan ein førebur seg til varmare tider ved å forsøke å sy om sommarkjolen som er litt for stor nokre stader og litt for lang andre stader, medan ein les om havet og ynskjer ein kunne krysse det ein gong snart, medan ein et solsikkefrø og tenkjer at det hadde vore moro om ein hadde blitt forvandla til ei vandrande solsikke (i alle fall for ein dag), medan ein drikk chai-te til pensumlesinga som går so treigt fordi det er so inspirarande at ein må stoppe opp for annakvart avsnitt fordi ein får ein idé eller ein annan god tanke som må skrivast ned før den forsvinn, og medan ein oppdagar finurlege og vakre bilete (til dømes dei Johanne sel her): då ventar ein.
                        

(Desse motiva kan du kjøpe i ulike utformingar her.)

Translation: Waiting is best if you make yourself occupied. For instance by eating sunflower seeds, drinking chai tea, reading about the ocean, and discovering the most lovely print you've seen in ages, available for purchase here.

fredag 5. april 2013

Echinoidea

Dei har so fantastisk fine fargesjatteringar, kråkebollane, både dei som lever, dei som ikkje kom seg ned på djupna i tide før sjøen trakk seg tilbake, og dei som har vore på land ei stund.

Translation: The sea urchins wear such beautiful colours.

torsdag 4. april 2013

Mellom påskeferie og skule kan ein

- Bruke femti kroner på frimerke som klistrast på brev til gode folk
- Fare på helsekost- og asiatbutikkar og raske med seg te, ris, frø og tørka sopp
- Følgje ordkjensla og plukke med seg ei bok ved namn Hjem til havet (Salje), i tillegg til Anne Franks dagbok og Gift (Kielland). Sjølvsagt til den nette sum av kroner 30
- Bli kalla "dame" av 70-årige kvinner
- Klemme hybelsambuarar og vener
- Lese pensum
- Føre inn viktige datoar på kalendaren
- Drikke ettermiddagste medan ein et middag
- Sitje i pysjbukse og hettejakke og tjukkelabbar

Kom gjerne med utvidingar til denne lista!