lørdag 10. september 2011

Torsdag:

Dagen starta med studiedag heime, før eg tok tobussen, møtte Frk Ingvaldsen, handla, og gjekk opp til ei dør eg aldri har sett før, sjølv om eg har gått forbi mångemånge gongar.
 Vi ringde på slek at Henrik-vesenet skulle vete at vi va dar, og då vi kom opp på kjøkenet skar vi opp grønsakene omtrent slek:
 Forresten so er den hybelen til å bli forelska i, for den har masse rare vinklar og krokar og dørerer og små rom.
Utsikta er særdeles akseptabel, særleg når ein kan ha føtene på karmen og nyte den.

Og slek såg tallerkenen og glaset ut etter at woken, muffinsen og isteen forsvann på mystisk vis.
Når kløkka var kvart over åtte spaserte vi bortover mot Gloppen Hotell, der ein kunne høyre mykje lovande lyd, og kløkka hal opna dørane til kjellaren, og vi sette øss langt framme og gledde oss. Etter at oppvarmingsbandet hadde spelt to songar, so gjekk Honningbarna på scena, og eg har berre ein ting å seie: verkeleg verdt å få med seg live!

Translation: Thursday: At two o'clock I took the bus for half an hour and met with my friend. We did some grocery shopping and headed for a door I never knew excisted, and I found it lead to another friend's very neat place, with corners, angles and doors that lead nowhere. We made dinner, talked, and when it was time, we headed towards the hotel where Honningbarna would be playing. Absolutely worth it!

onsdag 7. september 2011

Raude blomeglas

Om litt mindre enn eit år flyttar eg heimanifrå for å bli student på høgare nivå. Og då passar det fint at mamma ryddar i skåpa på eit av roteromma og finn seks passe høge glas frå 70-talet som er perfekte til å ha mjelk i. Det er sleke glas som inviterer til vennebesøk med draumande samtaler om bølgjer, paraplyar, sauer, pianotonar, smilerynker og fløyel. Viss fleire enn seks vil kome på besøk, so kan dei nok låne snusmumrikk- eller bissevovvkøppen.

Translation: When it's slightly under a year until you're moving out from your parents' house to study at a higher level, it is nice to have a mother who tidies in one of the messy rooms in our house and discovers six red-flowered glasses, perfect for drinking milk together with friends, discussing waves, umbrellas, sheep, piano tunes, smiles and velvet.

tirsdag 6. september 2011

Skulerelaterte ting og sånt

- Snakke soppoppskrifter med lærarar.
- Ta ut den litt strame hårknuten etter ei natt og få søte, volumiøse krullekrøllar.
- Sjå kunstneriske kortfilmar i norsken (t.d. "Empty" og "Eating Out").

Curls by light detail
- Drikke te frå min private bissevovv-køpp.
- Gå med snusmumrikskoa.
- Nesten vere på side 200 i "Salme ved reisens slutt".

leggings by pearled

- Lese engelsk, norsk, historie og religion i mamma sin store islendar.
- Kome to delkapittel vidare i historie & filosofi på ein trippeltime.
- Gå med raud klemfare-t-skjorte som gjer at ein får klemmar i kantina.

You can have whatever you like by kelly.marie
- Høyre på Jónsi.
- Smile til vaskedama.
- Snakke om friksjon i matfri.

Translation: Right now I'm enjoying the autumn and the first weeks of my last year at high school. School is so much more than just sitting in a classroom listening to a teacher (by all means, I don't mind that at all, actually). School is about relations to your fellow students and friends, to the teachers, to the cleaners in the hallways. It's about being curious, asking and learning about something new, understand more. It's about dressing in fun t-shirts, getting hugs, and trying out new hairdos. It's about drinking tea from your favourite cup, listening to good music, and sharing experiences and good times.

søndag 4. september 2011

Hovudføtingar

Broren viste meg dinna linken, og noke so fint må berre delast med so månge som mogeleg. Hovudføtingar er verkeleg utrulege skapningar.

Translation: My brother sent me this link, and I figured it just has to be shared.

Med svarte fuglar på

Av og til løner det seg å gå i biblioteket, sjå gjennom CD-hyllene og plukke ut ein CD og låne den berre fordi du likte framsida.





Translation: I dare you to go to the library, look through the shelves of CDs and pick one just because you like the cover. It might just be worth it.

fredag 2. september 2011

Plome og bringebær

Berre fordi desse fargane ilag gjer meg glad i dag.

Translation: Just because these colours makes me happy today.

torsdag 1. september 2011

Haustfint #4: Sopp

Fyrst: hurra for september! Og i år starta yndlingsmånaden på ein særs passande måte, nemleg soppplukking i biologien. Det blir slek når biologilæraren er soppkontrollør og når mårningen (morgonen) er solfylt og akkurat passe varm, i allefall i den siste av dei tre timane. Før det høver det jo gødt å lære litt meir om kor fantastisk kule soppane er, både røyksoppar og stanksoppar, og lat oss ikkje gløyme slimsoppar, som kan gå og i grunn er som ein diger klatt med titusenvis av cellekjerner innanfor same membran.
Som ein konsekvens av denne opplysinga, so draksa eg mamma og pappa og hunden ut i skogen for å teste ut mine nye kunnskap om dette riket. I tillegg til den vanlege kantarellen, vart ei halv korg kvit piggsopp og ein gedigen steinsopp med heimatt, og vi observerte slørsoppar og smørsopp og flugesoppar.

Translation: Mushrooms are incredibly fascinating beings, both in the way they are built, the way they spread as well as all the stories connected to them. In biology classes we've learned about mushrooms this week, and today we went out to gather as many as we could find.