tirsdag 5. oktober 2010

Raudstrupebilde

Når ein ikkje har teikna på lenge (mykje fordi ei ikkje har hatt teikneblokk på fleire månadar), so finn ein fram vanleg kopipapir, fargeblyantar, og kanskje ei fuglebok, og so prøvar ein ut fargar.
Deretter finn ein raudstrupen i fugleboka (for den e fin og har litt andre fargar enn berre brunt og grått og svart og kvitt), og so teiknar ein han.
Te sist kjøper ein råme, tek teikninga inn i, og pakkar inn sånn at ein har ei besøksgåve til den ein skal besøke ilag med pappa i haustferien. Og ein blir so ivrige med å ordne det fint te, sånn at ein gløymer å ta bilde av den heilt ferdige teikninga (den med ei lita grein på) inne i råma.

(Ja, eg e veldig glad i raudstrupen)

Translation: When you haven't drawn for months, mainly because you haven't had anything proper to draw on, you take whatever paper you have lying around, gather some pencils and find a book with a bird you want to draw. Then you just make the bird appear on the paper, and then you frame it and wrap it up so that it can be given to someone who will smile when they see it.

3 kommentarer:

Maren sa...

Åh så fin! :)

Regnboge sa...

Maren: Takk^^,

tinekatrine sa...

jeg vil også kunne tegne. må begynne å tegne mer..