lørdag 22. januar 2011

Skriveøving / skriveoppvarming

I haust, då eg hadde skikkeleg lyst te å vere kreativ skiftleg men ikkje fekk det te, so kom eg på ein liten leik som kan vere te hjelp om ein t.d. har lyst te å lage ein interessant person men ikkje heilt klarar det, viss ein ikkje klarar å kome på noke nytt, viss ein ikke finn på ei historie, viss ein ve kome i skrivemodus, kanskje viss du ve tegne noke osv. Den e rett og slett sånn:

1. Ta utgangspunkt i det fyrste namnet (eller substantivet) du kjem på.

2. Legg te det fyrste verbet du kjem på.

3. Legg te dei neste orda som du kjem på.

4. Set punktum.

5. Skriv det det neste namnet (eller substantivet) du kjem på og gjer som i punkt to og nedover.

Her e noken av dei eg likte best frå den fyrste sida mi med tullesetningar:
- Perine sat ved peisen og varma lausbarten.
- Ryggen såg bleikblå ut mot blekkspruttentaklane.
- Pigleton reiste ikkje jorda rundt utan sokkar med hol i.
- Åsta spionerte på bananer under asfalten.
- Billy beita blyantspissar i Stillehavet.

(men det e 'kje alltid at det blir morosame setningar. Dei fyrste mine vart so kjedlege og ordinære, men det blir betre dess meir du øvar)

Translatoin: Something to do if you don't feel creative even though you want to: write sentences with the first words that pop into your head. Hopefully they will be completely absurd.

5 kommentarer:

Maren sa...

FANTASTISK<3

hysj sa...

jeg har akkurat kjøpt post-its, og det der skal jeg skrive ned og henge på døren til soverommet! <3 jeg har svart på mailen din, forresten ^^

Steinrausi sa...

LAUSBART ER ELSKBART! <3

Regnboge sa...

Maren: ^^,

Hysj: aw:) Oj, eg va bombesikker på at eg hadde svart tebake, men so har eg visst ikkje gjort det likevel. Kanske fordi eg vart so himla glad at eg vart sløv? <3

Steinrausi: Indeed:D

Maria. sa...

Hih, så gøy, det der må jeg prøve.