søndag 2. januar 2011

Ting alle bør ha II - badeand

I haust (I fjor faktisk) fann eg ut at alle burde ha ei badeand, det vere seg ei klassisk gul med oransje nebb, eller ei prikkete eller blomepryda i rare fargar. Og ka va det som løynde seg i den fyrste pakken eg opna på julemorgonen? Jau, ei badeand med blå prikkar på! Skal eg vere ærleg, so skal eg sei' at den var pakka med gråpapir på ein sånn måte at forma på det inni gradvis trødde fram ettersom pakken vart utsett for trykking og press frå bøker og andre pakkar i veska, og det va difor eg opna den fyrst av alle (men det rare va at han eg fekk den av ikkje hadde høyrt om at eg tykte alle burde ha ei badeand, og det e jo litt fint, ikkje sant?).

So spørs det ka ho (eigentleg han) skal heite, dinna anda. Han likar å vere sløyfefin når kan skal fotograferast, og han dansar ballett. Når folk høyrer namnet hans vil han at folk skal tenke "Lurer på korleis ein slik ein ser ut".

Translation: This blue-dotted fellow came to me on Christmas morning. He loves to dress up with a bow around his neck when someone's taking his picture, and he's amazing at dancing ballett. He wishes to have a name that makes people wonder "how does he look like?".

2 kommentarer:

Kjersti Dahle sa...

jamen hva hvis en ikke har badekar da? skal den svømme i vasken? jeg vil ha en badehval. teller det?

Regnboge sa...

Hysj: Den kan symje i vasken viss ein ikkje har badekar(vi har 'kje badekar heller)og den gjerne vil symje. Eller kanskje ein liten balje eller ei skål?
Badeanda mi skal nok få sitte på ei hylle og tørrtrene te'an ska ut i ein liten dam te våren:)

Og badekval tel so absolutt:D