lørdag 14. mai 2011

Ein ganske viktig film

I alle fall er den det for meg, fordi eg såg den då eg var ni eller ti år, trur eg. Då sat eg heilt åleine i støva, det var berre meg og filmen, meg og den uendelege historia, den historia som var den fyrste eg nesten grein av.
So låg den i VHS-format på bibliotekutsalet, og eg kunne ikkje gå frå den, og eg leita fram ein femkroning og satsa på at VHS-maskina heime fungerte, slik at eg kan sjå den etter eksamenstida er over (kom opp i biologi, so det blir (som de kanskje allereie har merka) litt skralt med blogging og kommentering frå mi side). So, tilbake til filmen:

Bastian blir mobba, men ein dag finn han vegen til ein bokhandel (ein slik ein med støvete bøker og ein gammal mann), og trass i åtvaringa frå bokhandlaren om at der er ei bok som er farleg for born, so opnar Bastian den.
Der møter han ein indianar (som eg på den tida visste betydde at han var klok, for alle indianarar var kloke, i allefall dei eg hadde lest om). Han er riktignok ingen vanleg indianar. Han er helten Atreyu, og han bur i riket Fantasia, saman med alle dei andre frå legender og eventyr.
Men Fantasia er trua av ei stor fare, øydeleggjinga. Atreyu får i oppdrag av barnekeisarinna å redde riket mot denne katastrofa, og på underleg vis blir òg Bastian dregen inn i eventyret, og det er langt frå farleg!
bildekjelder (frå det med Bastian) 1, 2, 4, 7  3, 5, 6, 8, 9

Translation: "The Neverending Story" is a very important film. It was the first film that almost made me cry, because it felt so real, as if I (just like the main character Bastian) had entered the realm of Fantasia and got to know the creatues living there.
I was so lucky that I found the film in the library (they were selling old VHS-films, for £0.5), and when I'm done with my final exam, I'll watch it.

4 kommentarer:

Kjersti Dahle sa...

jamen! bøkene da! filmen er viktig for meg også, men den er egentlig helt vanvittig mye dårligere enn bøkene... les bøkene. de er vidunderlige. skrevet av michael ende.

Oda Åsgard sa...

ååh! det var favorittfilmen min da jeg var yngre! :-)

Synne sa...

Jeg synes også at bøkene er MYE bedre enn filmen, men filmen har i det minste masse sjarm! Kos deg med den når eksamenene er overstått!

Regnboge sa...

Kjersti: Eg skal lese bøkene ein dag (eg ser etter dei av og til når eg går langs bokhyller)

Oda: Forståeleg!

Synne: Det skal eg^^