lørdag 1. september 2012

Nokre bilete i tekstform

(fordi eg sist helg la att fotoapparatet heime)

Bilete 1: skjerf i brune, oransje og burgunde nyansar blir tulla to og ein halv gong rundt halsen og eit par plomefarga pulsvarmarar legg seg rundt handledda.

Bilete 2: på vegen opp og langs bakkane går to jenter (ei av dei er meg) forbi ein garasje med kvit murvegg der det heng eit brunt treror i lite format som fortel at det huset vi passerer ligg i Kapteinsvegen. "Eit retteleg fint namn på ein veg," tenkjer dei og går vidare.

Bilete 3: ein altan utanfor ei kjellarleiligheit, med utsikt over Volda og dei disige, grøne fjella sørover, austover og vestover. I det fjerne er dei blå. Utanfor det store vindauget inn mot gangen, det med lyse gardiner bak, står eit rundt bord og to korgstolar.

Bilete 4: to skapdører er opna opp og syner to meterlange, doble rader med filmar i varierande sjangrar og på ulike språk.

Bilete 5: ein mørkebrun kjøkenbenk er dekt av posar som inneheld ingrediensane til TORO sin tikka masala.

Bilete 6: to jenter sit ved eit lite trebord og legg frå seg etepinnane i det dei lener seg tilbake i stolane, mette etter eit herleg måltid mat. Ein liten, brun hund med hengeøyrer sit på benken ved sidan av og prøver å snike og tigge seg til ein smak av restane, men skjønar at 'an må nøye seg med hundematen som ligg i matskåla.

Bilete 7: jentene har flytta seg ut på altanen og samtaler om laust og fast, medan den firbeinte krabaten spring ut på graset og innatt på treplankane i ein tilsynelatande evig runddans.

Bilete 8: to skåler med yoghurtis med limefugde blir sette på sofabordet, saman med ein tekøpp og ein kaffikøpp på omlag same storleik som skålene. Fjernsynet lagar nokre klikkelydar.

Bilete 9: eg sit med ein sovande hund over eine foten medan scenene i Reisen til det ytterste hav siglar over skjermen, og begge jentene må seie seg einige i at Rippipip er ein super karakter, og at sjøormen var veldig flott utforma. Og at kostyma er herlege.

Bilete 10: det er byrja så vidt å mørkne ute, så dei to jentene tek farvel og takkar for skiftet, og den jenta som er meg går heimatt til hybelen sin, med skjerfet knytt ekstra gødt rundt halsen, og med ei kjensle av at eventyr kan dukke opp kor som helst, og når du minst ventar det.

Translation: I left my camera when I was home last weekend, so now I'll have to describe the pictures I wanted to take with words. I had a very pleasant Saturday, visiting a friend. We made a most delicious dinner and had ice cream for dessert while watching The Voyage of the Dawn Treader.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Innimellom er ord betre enn bilete.

motionocean sa...

FINT! Ord kan forklare ting bedre enn bilder noen ganger, synes jeg. TO JENTER - det liker jeg!!!! Veeeeeenn, hihihihi!

Gitte sa...

Dette likte jeg! Egentlig er jeg lei av at absolutt alt må dokumenteres med bilder - ofte synes jeg de fineste stundene er best uavbrutt av et kamera. Det er jo så stressende å være opptatt av å dokumentere opplevelser fremfor å faktisk ... oppleve dem.