søndag 23. september 2012

Ein augneblink

Eg går ut av bilen og vinkar farvel til veninna som var snill nok til å la meg få sitje på heimatt, takkar for ein triveleg kveld som vart superfin takka vere tre fine jenter, alt for mykje brownies og eit brettspel. Himmelen er overstrødd med stjerner, ein skikkeleg haustnattehimmel etter vekesvis med regn, og eg står åleine i enden av vegen min medan bilen køyrer vidare. Gatelyktene er duse mot stjernene bakom, og ein vakker og håpefull tanke strøymer gjennom hovudet: "Kanskje." Framfor meg og over meg, fleire lysår inn i evigheita, blenkjer venlege auge ned mot meg. Eit av dei er nærare enn eg anar, omlag hundre kilometer borte, og plutseleg får eg auge på det i det det bryt inn i atmosfæren og fell mot jorda som eit stjerneskot. Og tanken blir tusen gongar vakrare.

Ingen kommentarer: