søndag 29. august 2010

I mårå blir det utflukt

... med biologiklassa, og vi ska vere vekke i tre dagar, og eg tvilar litt på om eg får særleg tilgong på datamaskin. Vi ska studere eit vatn, og eg gledar meg! So no må eg begynde å pakke tjukkegensarar, utebukser, støvlar, labbar og skjerf. Og sjølvsagt nokre porsjonar te og "The Wee Free Men".

Translation: Tomorrow will be the first of three days on a field trip with my biology class. I'm really looking forward to it!

Om spelemenn og danseglade

Lystige tonar frå strengar og belgar som fløymer over gymsalen som for anledinga e omgjord til dansesal for folkemusikkglade dansarar, smilerynker som formar seg rundt glitrande auge i det dempa lyset, og høglydt småprat frå stolane langs veggane. Dama med dalmaltinarkåpa og raudt, smalt skjørt som ein såg litt tidlegare på kvelden, ho som nesten va litt skummel fordi ho kunne minne litt om Cruella de Vil, ser no eigentleg ganske snill ut, der ho flyt forbi i ein tango. Litt lenger borte dansar eit kanskje litt mindre grasiøst par, med korterma skjorter og mørke bukser og kosar seg fordiom i all venskaplegheit. Når reinlendaren litt seinare e i full gong, blir ein merksame på han i grøn t-skjorte og det breie smilet som svingar rundt på den faste dansepartnaren sin, og det ser i all enkeltheit ut som om dei e oppslukte av kvarandre.
Og før ein veit ordet av det, finn den yngre garde ut at vi må danse litt vi òg, og går sjølvsagt rett på reinlendaren; to dansesteg på fire takter, etterfølgd av 720 graders rotering på same antal takter. Naturlegvis spelar spelemennene ekstra lenge den gonge, slek at når ein e komt halvvegs ut i songen, er ein alt so svimmel at heile verda snurrar med same fart om ein no går eller svingast rundt, og når ein endeleg kan sette seg igjen, so bommar ein nesten på stolen og e utruleg glad for at ein sparka av seg dei litt høge hælane før ein gjekk ut på dansegolvet. Neste reinlendar går det beire, for hjerna klarar å smarte ut det spinnande rommet, sånn at ein kan sjå dei andre dansande òg. Under valsen går det so roleg at ein kan valse bort til dei andre venene sine og prøve å få dei til å kome ut av takta ved a dulte borti dei, men alle klarar å halde seg stødige.
Når festen e over, so sit ein litt lenger og ler av dei støvete føta sine, og pratar med gamalt og nytt kjendtfolk.

Eg anbefalar å gå på ein gammaldans-fest ein gong, og om du ikkje dansar det som spelast, so e dar mange søte pe det veldig fint å berre sitte og sjå på dei andre som dansar og prøve å dikte opp historier om dei.

Translation: I highly recommend that you go to a dance party with mostly grown ups dancing traditional dances (like waltz) sometime, because it's actually quite nice to sit and watch all the sweet couples and friends that dance.

lørdag 28. august 2010

Om å fyre i omnen

I går kveld vart det so pass kjøleg i støva at pappa måtte fyre i omnen, og sjå kva som sprang ut av den knusktørre veden! Eg vart ganske so glad, for eg har ikkje sett eld-dragar før.

Translation: When I saw a fire dragon run out of the wood yesterday, I got so happy, because I've never seen one before.

fredag 27. august 2010

Om stjerner

Og med døden kom sola, månen og stjernene. For når menneske døyr, stig dei opp til himmelen og blir lysande.
kjelde 1, kjelde 2: ei inuittisk skapingsmyte

Translation: And with the death came the sun, the moon and the stars. For when humans die, they rise to the sky and become shining lights.
(from an inuit myth)

torsdag 26. august 2010

Den siste rosa

I hagen vår står der ei ganske stor buske som det kjem kvite roser på om sommaren, og som duftar veldig gødt. For eit par dagar trudde eg at den va heilt avblomstra. Men under dei høgaste greinene gøymde det seg ein liten bukett som endeleg kikka fram.

 "But I'll bet that when it blooms, it will be the most beautiful of all." - Fa Zhou


Translation: I thought the rose bush in our garden was done blooming, but when i took a closer look I found that there still were a few roses underneath the highest branches.

onsdag 25. august 2010

Bienvenue

Welcome. Benvenuto. Velkomen. Det va smakebetar av dei fire språka som surra rundt i klasserommet under fransktimen, for seks italienarar hadde funne ut at dei skal ha fransk ilag med oss nordmenn, sjølv om dei (sett vekk ifrå ei) har hatt framandspråket i fire år, og vi har hatt det i berre eitt, og dei kan ikkje norsk og so vidt eg forstår kan dei ikkje sånn veldig mykje engelsk heller, fordi dei kan gresk og latin.
Eg kjende det litt som om halve verdsdelen kom inn og sette seg mellom dei fire veggane, og eg gledar meg til å bli kjend med den og gjere den litt meir min.

Translation: Today it felt as if half of Europe walked into and settled in my french class' room, and I'm looking forward to getting to know it better and make it a bit more mine.

Om fargar

I dag var ein ganske so fargerik dag. Då vi skulle ha engelsk hadde nokre italienarar okkupert klasserommet våt og heldt på å lære litt norsk, kan det sjå ut som, ettersom følgjande va det dei la igjen:
Eg lurer på om lukketrollet fekk litt ekstra fargar inn i munnen då ho tok litt for mykje krydder på?
Knea våre vart iallefall regnbogefarga, fordi det va litt kjølig, sånn at ein heilt fint kunne ha strikka lappeteppe over knea medan ein åt nista.
Og vi prøvde ut nye koppar te teen. Dei funka fint.

Translation: Today was colourful. Italian students who wants to learn Norwegian left a note in out English room saying "Bjørnar" (a Norwegian name), "bus" and "Liv" (also a Norwegian name, but could be used in the meaning of "life"). In the cafeteria there were new, colourful tea cups, so we tried them out (and they worked perfectly fine).

mandag 23. august 2010

Fyrste haustdagen

Om kalendaren framleis viser august, so e 'kje det dermed sagt at det ikkje kan vere haust. I dag fann eg nemleg eit haustteikn. Eit ganske stort eit òg.
Og sjølv om graset e ganske so irrgrønt endå og sommaren endå ikkje har sluppe heilt taket,
so vel eg å tru på at hausten e komen.

Translation: Although it's still august, I want to believe that the autumn has come. There's no season better than the autumn.

søndag 22. august 2010

Marmorkake

Fann nettopp att bildet av den fyrste og einaste marmorkaka eg har laga nokon gong.

Translation: This is the first and only marble cake I have ever made.

lørdag 21. august 2010

Miss Potter

I går (og i dag) såg eg filmen "Miss Potter", fordi eg skrudde på fjernsynet akkurat i rett tid, og fordi det va ein heilt nydeleg film! Den e full av varme, kjærleik og barnleg fantasi, so vel som strev og kjærleikssorg. Filmen e basert på livet te Beatrix Potter, ho som skreiv om Petter Kanin og venene hans, og syner at sjølv om livet ikkje e ein dans på roser heile tida, so går det fint, dersom ein torer å halde fast på det ein trur på.


Translation: "Miss Potter" is a beautiful film, and I highly recommend it! It's filled with warmth, childish imagination and love, as well as struggle, sadness and loss. The film is based on the life of Beatrix Potter, the author of the tales of Peter Rabbit and his friends, and it shows that the world isn't all bad, even though life can be difficult.

fredag 20. august 2010

Sandanedagane

Sandanedagane tyder at butikkane har storsal, boder kjem til, Hugo's tivoli stiller opp, og kyrkja arrangerer loppemarknad. Eg og ho nydlegaste gjekk på sistnemnde etter skulen, og snart vart ho vakraste med oss, og eg enda opp med raude pumps (!) og eit fint skjerf, for i alt 25 kroner, og ei av damene som ein skulle betale te såg ka eg hadde funne og vart so begeistra. Det va ganske fint.
Lukketrollet fann òg eit skopar ho likte, og ho vakraste hadde fine nok sko som det va.
Mat må ein jo ha her i livet. Eg åt den eine sjokoladen, og so ville ingen av dei andre ha den siste, men då ei i klassa vår gjekk forbi vart problemet med kem so skulle få den siste løyst.
Blondeføter e ganske fint, det.
Og det e Daiva-butikkar òg.
Årets parisarhjul va lit for lite etter vår smak, so vi nøydde oss med å berre sjå på den fantastiske kosedyra som ikkje går an å vinne fordi dei berre e te pynt.
Men det e ingen grunn te ikkje å smile,
for ein kan finne fine månefear overalt, her e beviset:

Translation: This weekend there's a fair not too far from where I live, and today me and my friends went there after school. We had a great time walking around looking at people, stands and shops, and of course the flea market, where I found the red pumps. Also, here's the proof that things containing garbage can smile.

torsdag 19. august 2010

Femmarar og prikkar

Den nye lysegrøne sløyfa med kvite prikkar på fekk i dag lov te å sitte på bringa mi og pynte den dusgrøne kjolen litt.
Då vi hadde ete matpakkane våre, gjekk eg og lukketrollet bort te ei tralle med bibliotekbøker som va utgådde frå samlinga og som ein kunne få med seg heim for fem kroner stykket. Ingen av oss hadde noke store forventningar te at vi skulle finne litterære perler, og då vart jo gleda endå større når eg fann "Peter Pan og Wendy", so eg har hatt lyst til å lese kjempelenge! Ogso berre fem kroner... Eg følte meg litt lukkeleg då, og glad for at lettsykkelelgen kunne låne vekk ti kroner so eg fekk kjøpt den. Eg kjøpte ei bok te: "Lys" av Eva Figes. Grunnen te at eg kjøpte den va at eg såg ho hadde noko med Claude Monet å gjere, so då tenkte eg "korfor ikkje?" og drog ho med meg.
Med andre ord: eg har vore ganske smilande i ettermiddag.

Translation: I wore my new polkadot bow for the first time today, and in the lunch break me and a friend went over to the library to look at some books they'd put up for sale, only £ 0,5 each, and I found "Peter Pan and Wendy". I've wanted to read that book for so long! I also bought "Light" by Eva Figes, because it had something to do about Claude Monet.

onsdag 18. august 2010

Forresten

Sånn ser klasseromsveggen vår ut:
Samt eine hjørnet:
So no vert det solskin kvar ein dag.

I wish I had a mango tree
In my backyard
With you standin next to me
Take the picture
From her lips I heard her say
Can I have you
Call her up oh what to say
I said you do

I said you do
I said you do

Through my eyes I can see
A shooting star
Weavn it's way across the sea
Somewhere from mars
Down the street we would run
To scratch our names in the park
Young and free in the sun
Wheels upon the tar

I said you do
I said you do
I said you do
I said you do

Songen heite Mango Tree og e av Angus and Julia Stones. Høyr på.

Translation: this is what the walls (and one of the corners) of our class room looks like, so there will always be sunshine. And you must listen to the song!

tirsdag 17. august 2010

Såpebobleveir

I dag kunne vi melde om lett skya himmel, sol og lokale såpeboblebyger over skuleplassen, og smilande bris.

Translation: today school was filled with sun, some clouds, bubble rain and smiles.

mandag 16. august 2010

Tre nye vener

Slek kan det gå når tre fuglar vert ferdigsydde og ska ut og sjå på hagen og verda ikring seg.

Lilla raudstrupe: - Det va kjedeleg å sitte på dinna greina. Kan vi 'kje gjere noke anna?
Rosa rosefugl: - Nei, sjå kor spennande bakken under oss e!
Nøtteskrike: - Ja, sjå! (tenker: "ikkje sjå ned, ikkje sjå ned")

Translation: I finished three of my birds today, and took them out into the garden. The purple robin thought it boring, the rosy bird found the ground very interesting, and the nut bird agreed to the rosy bird's opinion, except that it didn't dare to look down (but it didn't tell the others).

søndag 15. august 2010

Etter ein heil (og ein halv) sommar

I dag såg eg ho vakraste for fyrste gong på ein halv sommar, og ho nydlegaste for fyrste gong på ein heil. Eg hadde overnatta med fyrstnemnde, og ein gong rundt middag i dag kom ho vakraste og mora og henta oss og køyrde oss alle te hybelen som ikkje skal stå tom og stille på ganske lenge.

Etter å ha sett ei deig te heving, drakk vi te på det velkjende bordet med ny blomeduk på.
Etter ei stund sette vi oss ut på ein utkikksplass og såg utover fjorden.
Då va det duka for nysteike skillingsbollar.
Vi såg på skyer (sjølv om det var ganske få på himmelen).
Sånn såg veska og skoa te ho nydlegaste ut:
Og sånn såg skuggane våre ut:
(Bilde frå og meiningar om FAME kjem når eg har fått sett over dei og skaffa meg litt oversikt sjølv)

Translation: Today I was with two of my best friends and we made cinnamon rolls, drank tea, chatted and watched a few clouds pass by from the nice lookout where we sat.
(Photos and opinions about FAME will be posted later).

lørdag 14. august 2010

Om tre timar

Den rosaoransje neglelakken med glitter i e nesten tørr, og veska e nesten ferdigpakka med sitjeunderlag og andre nødvendige ting til ein innekonsert og ein utekonsert og ei overnatting og hybelbesøk dagen etterpå.

Imens kan de høyre på den finaste versjonen av I Heard It Trough the Grapevine.


Translation: The pink-orange nail polish is almost dry, and I'm almost done packing what I need for two concerts (one of them outdoors), a sleepover and a visit to a good friend tomorrow.

fredag 13. august 2010

No e det fint

I dag va Kiche de Lorraine for fyrste gong og nesten på eiga hand (pappa ordna med baconet sidan vi ikkje fekk alle ingrediensane før halvannan time før mamma kom, og eg hadde bestemt at ho skulle få mat med ein gong ho kom heim. Den va akkurat teken ut av omnen då ho kom inn døra).
I mårå vert det Valkyrien Allstars og FAME, saman med vener ein ikkje har sett på lenge og kanskje "Kvartett til tidens ende" viss eg orkar.

Translation: Today was French bacon pie, tomorrow will be two (maybe three) concerts and people I haven't seen all summer.

torsdag 12. august 2010

Etter ei inspirasjonstørke

... kjem idear og realisering av dei som perler på ei snor. Kanskje dei fine stoffa som har lege samanbretta mellom mange andre fine stoff i heile sommar endeleg ska få lufte seg og klippast i og syast i?

onsdag 11. august 2010

Når grillkveldar slår feil

Då reiser ein heim att og pakkar seg inn i den plomelilla strikkagensaren med roser frå ei tante, sjølv om det e litt vel varmt, et hussteikt grillmat og drikk angande kammillete slik at ein vert trøytte og sovnar tidleg og vert opplagde til ein arbeid og leik med viltre ungar dagen etterpå.

tirsdag 10. august 2010

Undring

Eg kom te å lure på om vi kjem til å få det same klasserommet i år som i fjor, det med peis og lister over alle veggane, det rommet med sånt fint fotograferingslys. Og so lurer eg på om norsklæraren vår kjem til å kome med blomar på nest siste skuledag det komande året òg, slike som ho har hatt i vatn i ei skål sidan då ho for heimaifrå på sykkel, og om ho kjem til å ha med dei gamle songbøkene til oss av og te, slik at vi no og då kan synge slik at taket ikkje reiser seg likevel.

mandag 9. august 2010

Fem dagar e so alt for lenge

So medan ein ventar kan ein tenke tebake på trebåtprosjektet ein hadde saman med syskenborn:
Båten vart ikkje heilt ferdig, men kanskje neste sommar?