fredag 6. mai 2011

Tankar rundt ein vassmelon

Medan ein et vassmelon kan ein no tenkje på at:
- Aldri meir matematikk (på vidaregåande i alle fall).
- No kan eg meir fransk enn eg hadde våga å håpe på for to år sidan.
- I går såg eg ein mann med snøkvitt hår som sto rett til vêrs, og han hadde marineblå dress.
- Urte- og grønsakshagen kan utvidast når som helst no, fordi plantane står klare på mjølkerommet i fjøsen.
- Slike som kjenner foreldra mine seier av og til "Ho e' so like mora!" når eg helsar på dei for fyrste gong.
- I mårå har eg eit stevnemøte, på ein måte.
- Eg har funne ut at ein song eg syns er artig heiter "Maple Leaf Rag", so no kan eg søke den opp og høyre på den når eg vil.
- I teskåpet har eg ein nyopna pøse med mangote.

Translation: Water melons are perfect when you want to think of nice things.

1 kommentar:

Maren sa...

Fine ting! Lykke til på stevnemøtepåenmåte :) Og god helg!