Har du noken gong lurt på ka som gjer at smaragdar er grøne, og ikkje indigo, karmosin eller sennepsgule, og korfor vi er så glade i denne edelsteinen han har fått namnet sitt frå - smaragden? Kanskje er det fordi at ein gong, før verda var vaksa, so flaug smaragdmålaren ut, fordi ingen av dei andre i Hagen la merke til han. Han ville so gjerne vere litt meir enn berre seg sjølv.
Vindane bar han langt over tretoppane og dei kjende bakkane i Hagen, og snart såg han nye fjell og himlar han før berre hadde ensa konturane av, og han svevde over stein og mold, og han kjende seg ny og stor i den ukjende verda. Men etter fleirfaldige dagar måtte han likevel setje seg ned, og då tok han til å leggje merke til at sanden og berga som var her ikkje hadde den same grøne varmen som han var vand til, og blomar fanst der ikkje. Då sette han seg ned og sørgde.
Målaren såg det ikkje, men tårene syntest liksom å drage den grøne fargen frå vengjene hans, og dei grøne dråpane draup ned på grunnen han stod på, og sakte men sikkert vart dei absorberte inn i den grå massen, og då sommarfuglen fauk sin veg då han ikkje hadde fleire tårer att, so hadde steinen fått ny form og farge, og glimde svakt i kveldssola som vermde ryggen til smaragdmålaren i det han vende attende til heimstaden sin.
Men då han kom til den staden han var fødd, var Paradis aude. Alle frendane hans hadde forlete den visna hagen, og han ante ikkje kor dei hadde fare av. Sidan den dagen fór han ut på leit etter den han ein gong kjende so godt, og han vende aldri tilbake til det som ikkje lenger er. Overalt kor han landa, ville nokre av tårene hans trengje ned i bakken og etterlate seg spor av grøne juvelar. Lite visste han at menneska ein gong ville leite etter desse steinane og samle på dei som noko verdifullt og vakkert. Kanskje fordi dei såg på det som eit av naturens mesterverk, men det kan òg tenkjast at smaragdane ber med seg minnet om Hagen som var den vakraste stad menneska for fyrste gong sette sine bein, ein gong for lenge, lenge sidan.
Translation: A story about green butterflies, the fall of the Garden and how emeralds came to be so valuable for us human beings.