torsdag 30. juni 2011

Strandliv

Når det blir fint veir, so passar det fint å fare på fjorden å ete bananer,
finne prakteksemplar av billeskjold,
og la seg fascinere av fyrstikkeskog (der fyrstikkene e unormalt tjukke).

Translation: A jolly good day by the fjord, with bananas, beetle shells and cracked woods.

onsdag 29. juni 2011

To fine ting

No er rabarbrasesongen ferdig for i år. Men det går bra, for eg har fint besøk.
Translation: The season for rhubarbs is over for this year, but it's all right, because I have a nice person staying at my house.

mandag 27. juni 2011

Nokre nye erfaringar

- Vore på Arcon for fyrste gong.
- Lært å spele Elfenland.
- Ete glaserte nudlar,
- berre ved hjelp av etepinnar.
- Sett Snusmumrikken x 3,
- og Grell x 3 eller 4 eller 5.
- Vore vitne til såpebobler som fungerer som ballongar og kan kastast på.
- Støtt på personar eg ikkje hadde venta å treffe.
- Smakt japansk snacks og likt det
- Funne ut kor Neo Tokyo er i Oslo, og at det er der ein kjøper vifter.

(P.S.: Eg gledar meg noke veldig til i mårå kveld!)

Translation: This weekend I was at a Japanese convention and a gaming festival. I experienced quite a few new things.

fredag 24. juni 2011

Hadi

Klokka hal eitt sit eg på bussen til Drammen. Kjem tilbake måndag kveld. Medan eg er vekke, kan jo de smile av ein sommarfugl.

Translation: Half past twelwe I'm on my way to Drammen. I'll be back monday evening.

torsdag 23. juni 2011

Bind deg ein blomekrans

Eg vil berre minne dokke på at dokke må ut og plukke sju ulike blomar til å leggje under haudeputa i natt. Viss de vil kan de jo lage ein blomekrans òg?
flowers in her hair by pearled

Translation: Just a reminder that you must pick seven different flowers and put under your pillow tonight.

tirsdag 21. juni 2011

Sommarkveld

Når ein går berrføtt over ein liten tidsperiode dar ein går over jord og gras og grus og leikar indianar, so blir gjerne fotsolane slik.
Og då er ein plutseleg, i hal ti-tida, klare for å teste ut krokketutstyret som pappa trylla fram, sjølv om myggen likar ein veldig gødt, so gødt at han snik seg innunder hattebremmen.
Skjønt det er ikkje berre mygg som kan vere klengete, særleg når det er storebroren so' e komen heim for ein dag.

Translation: About pretending to be an indian with bare feet over earth, grass and gravel roads, before playing croquet along with mosquitoes, an older brother and a dog.

mandag 20. juni 2011

Ei lita hylling

... til ei av dei tøffaste, modigaste og søtaste damene som noken gong har vore på ein fjernsynsskjerm. Då snakkar eg sjølvsagt om ho med det dobbelt maskuline namnet Sam Steward, som er sjåfør for kriminalsjef Foyle i England under den andre verdskrigen. Om eg måtte ha vore ein anna enn meg sjølv, so skulle eg ha vore ho, utan tvil!
Ho er tøff i uniform, tenkjer av og til hakket seinare enn ho snakkar, er skarpare enn ho kan fyrst verke, kan mekke på bilar, ordnar opp når ho klarar, smiler, er so samla ein kan vere når ein er innestengt i eit rom med ei bombe, og so seier ho "nei" når den fyrste kjærleiken spør om ho har noke i mot at han kyssar henne, og "ja" når den andre store kjærleiken frir i eit hus som held på å rase saman over dei.

Translation: A tribute to Sam Steward.

lørdag 18. juni 2011

fredag 17. juni 2011

To dagar i nam og kaktus

I går
Når ein fer på bytur, so e det viktig å kose seg, syns eg, so eg og frk. Ingvaldsen tok oss to kuler italiensk is. Mint of kokos e den absolutt herlegaste iskombinasjonen eg har smakt, og eg måtte ha det denne gongen òg.
 Då eg kom heim hadde viss pappa kjøpt kakestykker til oss. Fruktfromasjon er namnam, fann eg ut.
 Og so smakte eg morellar for fyrste gong i år, og det var veldig fint og gav sommarkjensle.
I dag
Vart det te på Daiva. Sommarpunchen va ganske god, eg trur eg har fått smaken på brende tesmakar.
 So vart det hybelbesøk dar eg rakk å steike ei pannekake før eg måtte fare for å rekke bussen.
 Og sjå den fine kameraten so' va på den tidlegare nemnde hybelen!

Translation: Some yummy stuff (and a cactus) during the last two days.

onsdag 15. juni 2011

Insektglede

Eg syns det e utruleg fascinerande å leite i graset etter små røyrsler og surrande vengjer. Det siste året har eg nok vore endå meir bevisst på denne aktiviteten, og eg trur eg e blitt litt flinkare til å observere og kanskje identifisere (skjønt det står ein god del att på sistnemnde). Det å ha ein storebror hjelp på månge ting!
I glaskarmen for litt sidan va dar plutseleg ein kraftig zumme-lyd, og dar va eit vesen eg aldri har sett før.
Dinna veka fann eg ei puppe, og eg lurer veldig på ka kryp som har laga den.
Og på noko blåbærlyng sat dinna vesle krabaten og kvilte seg, med mindre den venta på eit bytte.

Translation: insects are so incredibly fascinating!

mandag 13. juni 2011

Ein prins

Kanskje, viss eg hadde kyssa han, hadde han blitt til ein prins. Men eg vil eigentleg ikkje ha ein prins, so difor let eg det vere med det.

Translation: Perhaps, if I had kissed him, he would've turned into a prince. But I don't really wish for a prince, so I let it be.

søndag 12. juni 2011

I tussmørkret

Dei kallar på deg, huldrefolk og blåmenn,
 men lat skogstjerneteikna leie deg i ei anna retning,
 for nykken ventar på deg.

Translation: Don't follow the sound of the hulder people's songs, but let the stars of the forest lead you to where the Neck is waiting for you.

lørdag 11. juni 2011

Om å herde fotsolar

Når lufta er svakt fuktig, og sola gøymer seg litt bak eit lag med skyer slik at det ikkje er alt for varmt, då passar det fint å ta sin fyrste spasertur utan sko for sesongen. Det lettaste er å byrje med graset, men det viktigaste er å gå på grusvegen heilt frå starten av, slik at føtene venner seg til den ru, steinete overflata so fort som mogeleg. då kan eg kanskje springe på den om nokre veker. Men det er lov å gå utanfor vegen dersom det er for å plukke med nokre marihender, marimjeller og nokre strå. Etter det snur ein gjerne heimover medan ein høyrer gauken gale kraftigare enn tidlegare.

Translation: Today was a perfect day for walking with bare feet and pick flowers.

fredag 10. juni 2011

Fivrel

Sånn i tilfelle dokke ikkje veit det, so er Fivrel-plata himla fin. Kom på at eg måtte seie det fordi no når eg sete på rommet mitt (som er nesten rett over støva), so høyrer eg Fivrel-tonar sige opp gjennom tregolvet. Det er fordi eg la att CD-en attmed spelaren, og no fann mamma ut at ho ville høyre litt meir.

(Ein liten fotnote om fivreldar: eg gledar meg til å snike meg rundt på slåttebakkane og fange dei.)

Translation: Just in case you weren't aware of it: the Fivrel record is incredibly beautiful.

torsdag 9. juni 2011

Slikt ein kjem til å sakne

I dag var min absolutt siste ordinære dag som andreklassing på vidaregåande. Vel, ordinær va' den kanskje ikkje, ettersom den gjekk med til to gitarkonsertar og ein basskonsert, ein film og ein norsktime med konkurranse og sjokolade. No har det dessutan gått opp for meg at eg ikkje skal bruke denne boka meir, den det står "Tore den vesle" på fordi den som hadde boka før meg no heiter Tore den store.
 I tillegg er eg ferdig med biologi 2, og i dag fekk eg helse på det ferdige blodpreparatet mitt (sjølv om det var noko gale med det, slik at vi fekk ikkje stadfesta at eg var jente), og så måtte eg seie hadi til det òg. Eg kan trøste meg med at utstryket i det minste var tynt og fint.
 Til hausten er vi dei største, dei skumlaste, og kanskje dei reddaste.

Translation: When autumn arrives, I will be amongst the oldest, the most frightening and perhaps the most afraid.

onsdag 8. juni 2011

Ikkje lenge til no...

 For å markere at sommaren er komen, so er det blitt tradisjon at norsklæraren vår plukkar rhododendron til å ha på kateteret i klasserommet.
Og verda vil vere kvit innimellom alt det grøne.
Medan fuglar let songane flyte.

Translation: Vacation is on it's way.

søndag 5. juni 2011

Sånt ein tenkjer på ein sommardag

- Kor blå himmelen faktisk er no.
- Kor utruleg kunstig, innvikla, fengslande og vakker "Slaget om den forbudte by" er.
- Korleis dei blanke harlekinrutene ville sett ut i eit skjørt med 50-talsstil.
- Kor deilig det er å gå heimover med ein bukett liljekonvall i handa som luktar lyse sommardagar.
- Kor etterlengta det va å lese Fantomet-eventyr igjen.
- Kor fint det er at Sigur Rós finst.
- Kor månge bilete som finst på Flickr.
Untitled by myshino
Untitled by myshino
Untitled by myshino

Translation: Things to think about on a summerday: blue skies, Chinese historical dramas, harlequin patterned fabric, the smell of lilies of the valley, the Phantom, Sigur Rós and Flickr.

lørdag 4. juni 2011

Eigentleg i går

Eg såg mot vest der sola snart ikkje var sjenert lenger...
 og mot aust der himmelen var blåare enn nokon gong på fleire veker...
 og ned ved føta mine, der nokre små hadde pynta seg for meg...
 og bortover den vinden og himmelen kledde vassflata i brusande blått.

Translation: Actually about yesterday. The sun was almost brave enough to meet me, and the sky bluer than even in the last few weeks, and the lilies of the valley had dressed up for me, while the wind and the sky made the water blue.