fredag 10. september 2010

Beautiful Blogger

Då eg kom heimatt i dag, so hadde eg fått ei utfordring av Maren som eg ikkje hadde aning om at visste om bloggen min eingong, og då kan eg vel ikkje anna enn å bli glad og gjere mitt beste for å fullføre (sjølv om det e litt skummelt). Utfordringa va å skrive sju tilfeldige fakta om meg sjølv. Hm, det kan jo bli... interessant?

1. Då eg va lita samla eg på ganske mykje rart: steinar, skjel, frimerker, serviettar, klistremerker, kattefigurar og små ting eg fann slengande rundt omkring, sånt som ikkje kunne brukast te so mykje. Eg har framleis eit skrin med fjører, plastblomar, øydelagde perler, trådar, silkeroser og liknande. No har eg funne ut at eg ska konsentrere meg om å samle på kort med englemotiv (men berre sånne som folk gjev meg, fordi eg likar best ting som har ei historie bak seg, og det blir liksom so rart å ha ein haug papir som ikkje har noko å fortelje) og ord.

2. Eg tør påstå at eg e eit naturmenneske, reisemenneske, bymenneske, vere-akkurat-der-eg-e-menneske og lære-nye-tingmenneske.

3. Eg lærer fransk av to små, veldig gode grunnar:
- So eg kan forstå alle kommentarane til Hercule Poirot i filmane.
- So eg kan lese Thorgal på originalspråket ein dag.

4. Når eg ska bygge meg hus, so ve eg ha eit tårn i det med mange vindauge, der ein kan sitte og sjå på stjernene, og kanskje ha eit lite blomerom om vinteren.

5. Eg har ikkje levd eit sekund utan hund i familien, og eg ska kalle min fyrste hund Jaci, etter tupi-indianarane sitt ord for "måne" (men eg ska uttale c-en /k/ og ikkje /s/).

6. Eg har klappa ei vill ugle, og ugler e dei finaste fuglane eg veit om, ved sida av raudstrupen. Eg har veldig lyst til å synge med ein raudstrupe, men kvar gong den syng kjenner eg meg so rar og klumsete og finn ut at det blir finast viss eg teier still.

7. Eg syns gamle folk e utruleg nydelege, og elskar å høyre når dei fortel historier eller viser og lærer vekk ting dei kan og som eigentleg alle burde kunne.
Ogso sender eg utfordringa vidare te Robvild, Snutebille, Tine Katrine og Regndans.


Translation: Seven random facts about myself:

- When I was little, I used to collect all sorts of things, but now I only collect cards with angels on them.
- I'm an everything-human.
- I learn French to be able to read Thorgal and to understand Poirot's French comments.
- I want a tower in my house.
- I haven't lived once second without a dog in the family.
- I've patted a wild owl, which is my favourite bird along with the robin.
- I think old people are wonderful.

5 kommentarer:

tinekatrine sa...

hehe, har alt blitt utfordret (eller hva det heter?) :)

johanne regndans sa...

det var fine grunner til å lære fransk, syntes jeg. jeg har også lyst til å lære det.
sv: åh så fint. blader som faller er fint, spesielt om de lander i håret.
jeg kan godt ta i mot utfordringen, men er ikke helt sikker på når det blir gjort.
:- )

snutebille sa...

jeg tar iaffall utfordringen altså.

du er så innmari fin. fina.
uglekjærlighet <3

Heidi sa...

Jeg synes også det var fine grunner til å lære fransk. Mine grunner til å lære tysk er nok ikke like spennende, men språk er nå fint uansett.

Maren sa...

Heisann! Jeg fikk ikke med meg at du faktisk svarte (du er jo så produktiv og skriver så mange, fine innlegg!)

Jeg elsket punkt 3 og 6. Du er tøff.