torsdag 16. september 2010

Om å vere tetyrst (og nettopp hatt gebus (dialektord for bursdag))

I vel ei veke no so har eg hatt so forferdeleg lyst på te. Teskåpet vårt har vore like variert so vanleg, men det e nettopp det so har vore so forferdeleg: ingen nye tear! Men då e det litt fantastisk å nettopp ha hatt bursdag, og so plutseleg få ein pakke rett framfor nasa di og ho vakre som seier "her e gebussgåva di". Det e ei sånn gåve med kake utanpå, og når ein brettar opp papiret, so e det ein nydeleg liten boks, ogso fyller lufta seg med krydderduft, men so legg ein ikkje merke te det, og so opnar ein opp loket, og ser massemasse teposar som ligg litt hulter til bulter, og ein utbryt "Åh!" inni seg i det ein faktisk registrerer aromaen. So kan ein nesten ikkje vente til ein kjem heim og prøve ut ein av dei seks nye smakane.
(Om språket e litt vanskeleg, so kan eg sei' at det står noke sånt som at det er ein boks med alt du trenge for å overleve)

Medan ein ser gjennom teane, so får ein auge på ein liten grøn knapp med lauv på. Underleg. So ser ein litt forbi og ved sidan av teposane og ser so mykje meir! Eventyrsjokolade, knappar i fine fargar og fasongar, og ei lita blokk med post-it-lappar med grisunge på!

Translation: one of my friends gave me a delayed birthday present today, and this is what was in it.

6 kommentarer:

Heidi sa...

Jeg har en lommebok med samme grisemotiv. Det er veldig mange kassadamer som kommenterer den.

Regnboge sa...

Heidi: Å, det kan eg tenke meg:)

snutebille sa...

jeg må få meg et survival kit jeg også. det er bare så vanskelig å ikke bare bruke opp det man putter oppi med en gang, i alle fall når man som regel er ganske trengende.

snutebille sa...

også tror jeg ikke jeg får plass til en vannmelon og en sove-inntil i en liten boks... hmmm.

Regnboge sa...

Snutebille: Viss du har ein stor nok boks, so ska det gå an å ha ein vassmelon oppi^^
Og du kan ha fleire, sånn at når den eine e tom, so kan du gå over på den neste og fylle oppi dei tome etterkvart?

snutebille sa...

du er neimen ikke dum, for det der var lurt! nå må jeg bare finne en oppbevaringsmulighet som ikke oversvømmer leiligheten. hmmm.