fredag 24. september 2010

Den store blåsebortdagen

I dag hadde eg ein låne-bøker-dag. Det er ei stund sidan eg lånte bøker på biblioteket, fordi eg har hatt so mykje å lese frå mi eiga bokhylle, men i dag skulle eg finne eit dikt av Jakob Sande. So fann eg likesogodt hass samla verk. So fann eg Fredrik Høstaker si diktsamling "I gråsona" og då vart eg (og ho nydlegaste) fantastisk glade, og eg fekk lov å låne den fyrst. So kom eg på at eg burde kanskje finne noko av Platon, ettersom eg ska fordjupe meg litt i han.
Og berre so de veit det: eg e utruleg glad i bibliotekarane våre, dei e so fantastisk himla søte og fine!
Då eg kom heim att, spelte Nordavinden so høgt i skogen at eg trudde det hadde komt ei elv og slått seg ned der, og vegen hadde smykka seg i lauvperler. Og eg fekk lyst til å sjå Ole Brumm-episoden om blåsebortdagen.

Translation: I haven't borrowed anything from the library in a long time, but today I finally found some books I wanted to read. Our librarians are so lovely. One of them remembers my name, and we can all chat about whatever comes to our minds when we meet.
When I got home, the wind was so strong that it sounded like a river as it roared through the trees, and I wanted to watch Winnie the Pooh.

Ingen kommentarer: