torsdag 9. september 2010

Det går bra

Treet er ganske gamalt. Har vore gamalt so lenge eg kan hugse, og kanskje før det òg? Når stegen støttar seg til stammen når ein ikkje ut til dei best modna fruktene, so ein får endre taktikk. Der er ei grein som e ganske so tjukk, Ein får prøve å sjå om ho held. Pappa seier det går bra.
Etter eit par steg kjenner ein at greina e mjuk, skulle nesten ikkje tru at eit so tørt tre kunne vere so mjukt, og det gyngar og det bles opp til lett bris inne i magen. Midt oppe på stegen aukar det til kuling, nærmast sterk. Eit steg til og det vesle skipet blir kasta fram og tilbake inne i magen. Pappa der nede tek tak rundt stigen: "Det går bra". Greina svaiar endå meir, stegen svaiar endå meir, eg svaiar endå meir. So skjønar kapteinen at han må ta saka i eigne hender, og han spring opp mot roret og tek eit fast tak rundt det finslipte treet. "Alle mann til babord side!" ropar han gjennom stormvinden, og monsterbølgja rullar framover. Men det går bra, for no har kapteinen skjønt det: han må vere eitt med skipet, som er eitt med havet.
Eg lener meg litt til venste og let overkroppen kvile mot stegen. Bli eitt med stegen. Stegen legg seg litt tyngre mot greina, men ho svaiar ikkje meir. Treet, stegen og eg.

Translation: To be in a ladder up in the plum tree, feeling wobbly as if there was a storm building up inside my stomach, and then finding that it's all right, as long as we can feel as one. The Tree, the ladder and me.

4 kommentarer:

Silje sa...

Det var fint skrivd/skreve/skrive! (æsj, hata å bøye å skrive!!)

Maren sa...

Kjære Ragnhild.
Jeg vil at du skal skrive syv random-facts om deg selv.
Hvis du lurer på hva jeg mener så mener jeg sånn cirka sånn her: http://gietlitevink.blogspot.com/2010/09/dutiful-blogger.html .

Hurra? :)

Regnboge sa...

Silje: Takk^^ Viss eg e trøytt, so kan eg blir litt irritert på det verbet òg, men det e "skrive" so e rett bøying:P

Maren: Hurra, det kan eg vel gjere:)

Kjersti Dahle sa...

du skriver så vakkert. jeg blir helt revet med, det var så spennende! bokbokbokbokbok.