fredag 31. desember 2010

Den siste natta i året

I dag e alle stjerner litt sjenerte og gøymer seg bak skyer høgthøgt oppe på himmelen, dei som det regnar litt frå, men ikkje for mykje. Eg trur det går bra om ein tek på seg regnjakke og tjukkelabbar i støvlane, og pysjamasbukse går fint. Kanskje eit stort skjerf òg.
Snart blir himmelen pryda med raudt, grønt og gult støv som knitrar, og krutlukta breiar seg over dalen. I ein halvtime kanskje. So ventar eg endå litt lenger, og kanskje kikar ei stjerne eller to fram likevel?

torsdag 23. desember 2010

Kvelden før kvelden

Slik vart treet i år. Det står som alltid inn ei bestestøva vår, og sidan vi har fyrst opp i omnen dar no, so e det sånn at vi kan la alle dører stå opne nesten, for det e fin temperatur i heile huset. Og det e bra, for vi fartar fram og tilbake mellom støvene, og pyntar og pakkar og pratar frå rom te rom.
Og no tek bloggen ein juleferie, trur eg. So difor seier eg god jul te alle saman, håpar dokke alle får det heilt fantastisk i tida framover!

Translation: This is how out Christmas tree looks. Now the blog will take a Christmas break. Merry Christmas!

Vesleveslejulafta.

tirsdag 21. desember 2010

Då va' det juleferie!

 Noko som innebar jeopardy i engelsken, og juletresnop te dei som vann (og til dei som ikkje vann),
ein engelsklærar som tok med berlinarkransar, peparkaker, mandriner, kaffi og te som vi skulle kose oss med medan vi høyrde og song med på julesongar,
men fordi vi skulle inn i kultursalen, so fekk vi berre ete litt kaker og synge fire songar omtrent. Der inne var det ein tuba (hurra!) og to trompetistar,
 og italienarane våre song ein fin italiensk song
Ogso var det masse juleklemmar og litt gåveutrekking før eg måtte gå før eg fekk klemt alle god jul, fordi eg skulle få lov te å sitte på i bilen med ei veninne som bur nesten der eg bur. Te alle dokke som ikkje fekk, so latar eg som om eg gjev dokke ein NO!

Translation: Last day of school before Christmas, and it was a bit sad because our Italians leave tomorrow for their own country, and I didn't get to say Merry Christmas to all of my friends, but it was nice because we played jeopardy in English class and ate cookies while listening to and singing along with Christmas songs, and on the concert/scene show after class there was a tuba playing!

mandag 20. desember 2010

Ein rar mann på kjøkenet

 Vi har tradisjon på å brygge sukkerøl (alkoholfritt, altso!) og te det har vi ein stor øldunk. Denne skal haldast på ein viss temperatur, so eg og pappa hadde det litt moro med å kle han til formålet. Ka kledde han best: stråhatt eller briller?

Translation: Each Christmas we brew alcohol free beer, an old family tradition, and the beer has to keep a certain temperature. Therefore, me and my father had fun dressing it up. What looks the best: the straw hat or the glasses?

søndag 19. desember 2010

Briller på 40-talet


Berre fordi det e fint.
 
Translation: Just because it's nice.

lørdag 18. desember 2010

Årets fyrste julebakst (og litt meir)

Eg, broren og mamma laga peparkaker so tidleg at eg åt deig te frukost,
 ho vakraste hadde sendt meg eit brev med finaste juleseglet på,
 ei kjøtmeis sette seg på glaskarmen for å sjå om vi va' inne,
 og eg åt mitt fyrste ostefat:

Translation: Today I, my brother and my mother made gingerbread figures, A friend of mine sent a wonderful Christmas letter, a great tit tought we had fed her too little, and I ate biscuits with cheese for the first time.

fredag 17. desember 2010

Siste skulefredag før jul

- Å vakne opp av stemma te broren utanfor
- Å ha på seg nissehue og strikkajakke
- Å ha franskframføring om jul (og synge julesongar etterpå)
- Å ete mandarinar og peparkaker
- Å ha ei mamma som har laga peparkakedeig til i mårå
- Å få ei julegåve som e superfint innpakka
- Å få litt meir orden angåande privatisteksamen
- Å sjå rosa lys danse i fjellet
- Å snakke med ei kjøtmeis som trudde eg var ein fjøsnisse
- Å ete julepølser te middag
- Å sjå i bøker som broren har med
- Å drikke mjølk frå Snusmumrikken-koppen.


Translation: Things that have been done the last friday of school before Christmas.

torsdag 16. desember 2010

Antony's words

For ei stund sidan posta fine hysj ei spørsmålsrekkje med Regina Spektor-svar, og no prøvde eg med Antony and the Johnsons, for dei har so himla fine titlar. Og eg berre tok det som passa til svara utan å tenke på meg sjølv.

Translation: Some time ago, hysj posted these questions, answering with words by Regina Spektor. Now I tried to fill in song titles by Antony and the Johnsons.
are you male or female?
For Today I am a Boy


describe yourself.
Bird Gehrl


how do you feel?
Free at Last


describe where you currently live.
River of Sorrow


if you could go anywhere, where would you go?
Another World


your favorite form of transportation is:
One Dove


your best friend is:
The Great White Ocean


you and your best friends are:
Dust and Water


what's the weather like?
Divine


what's your favorite time of day?
Twilight


if your life was a TV show, what would it be called?
What Can I Do?


what is life to you?
My Lady Story


describe your relationship:
Deeper Than Love


what do you fear?
Salt Silver Oxygen


what is the best advice you have to give?
Her Eyes Are Underneath the Ground


name your thought for the day.
Hope There's Someone


how would you like to die?
Spiralling


describe your soul's present condition.
I'm in Love


what is your motto?
Everything is New

onsdag 15. desember 2010

Kvelds og opplading til prøvemaraton

I dag var eg att etter skulen, noko som e alt for lenge sidan sist. Sidan eg va ferdig tre og ikkje hadde noke program planlagt, so vart eg invitert på eit spontanbesøk til hybelen til ei venninde. Ho og pusekatt 1 hadde laga peparkakehus i går, med nytenkjande design. Veggen va særs god. Eller va' det taket?
 So va det open skule, og vi sat og venta på at kvelden skulle blir ferdig, for yrskessaksofonisten vår hadde nemlig invitert oss på kvelds (han hadde vunne gratis kvelds på open skule for seg sjølv og fire andre). Sånn såg pusekatt 1 ut medan ho venta på at alle skulle kome, for ein kan jo ikkje byrje måltidet før alle er komne!
Etter kveldsen kom dama som jobba der i dag med ei korg full av nysteikte kvite kakemenn. Ho fylde opp etterkvart som det va nødvendig.
Og so har vi forresten eit lite vesen som bur her. Ho har ei råtøff stemme og laga fine songa. Og ho har dessutan fantastiske busker.

Translation: Loading up to upcoming tests, by visiting friends I've never visited before, waiting for supper to be ready (and some friends to arrive), singing songs on a untuned guitar and eating newly-bakes Christmas cookies.

tirsdag 14. desember 2010

Litt forseikna luciafeiring

Fordi det va so fint med lys i gamlekantina vår. Litt Blåfjell-aktig!
Der va' lussekattar, peparkaker og peparneter òg!
I tillegg te gløgg.

Translation: In the old cafeteria at school, they served saffron buns and gingerbread and glögg. In addition they had turned down the lamps in the ceiling and they had lighted candles on all the tables. That's what I call cozy.

mandag 13. desember 2010

Spor

Det e 'kje berre menneske som brukar vegen. I dag hadde eit ekorn hoppa seg over vegen som eg går for å kome meg heim etter å ha følgd skuleruta frå sentrum. Han hadde hoppa so lett og fint at det såg ut som sommarfuglspor.



Translation: The human made paths are not only used by humans. Those with four legs also follow them, and today a squirrel had crossed the snow covered road where I walk to get home. It had jumped so lightly that it looked like bytterfly prints.

søndag 12. desember 2010

Litt piano



Sånn høyrest det ut når Den fykande hollendar sit ved pianoet. Då eg høyrde den fyrste gongen, so måtte eg høyre den ein gong te og ein gong te og ein gong te heile fem gonger, sånn cirka ++. Han e flink.

Translation: This is how it sounds like when a friend of mine sits down by the piano and starts playing.

Årets juleneter (dialektord for julenøtter)

I fjor haust fann vi ut at vi ville plukke neter, slik at vi kunne ha heimeplukka juleneter, akkurat slik som før i tida då mamma og pappa va' små. Men det vart skralt med den fangsten, fordi alle skrumpa inn og vart dårlege. I år derimot, so knakk vi koden:

1. Ikkje plukk dei som ligge på bakken, uansett kor tørre dei ser ut, og plukk helst når det e fint veir.
2. Ikkje legg dei rett på eit trebrett, men ha gråpapir/avispapir/gråpapir mellom brettet og netene.

Og sånn ser dei ut no:
Dei e so søte og små og fine og gode at dei smeltar nesten litt i munnen, og hunden seie ja takk, både til nøtta og skalet (som e so tynt at ho kan knekke det sjølv).

Translation: This autumn, we went out in the woods and found quite a nice amount of hazel nuts, and we tasted the first ones today. They're much sweeter than those you buy, and they almost melt in your mouth.

fredag 10. desember 2010

torsdag 9. desember 2010

Monsterkonkurranse

Såg plutseleg endå ein konkurranse med utruleg fin premie, nemleg valfritt monster frå dinna epla-butikken. Her kan du lese reglane for konkurransen.
Og nei, eg skal ikkje spamme min eigen blogg med deltaking i konkurransar, skal ha vanlege innlegg òg.

Translation: Another competition! The prize is an adorable monster, like the one pictured, but you get to choose the style yourself. I just had to enter!

Eit lite løde (dialektord for "loddent") andlet

Som vinkar inn i klasserommet og seier hei før engelsktimen startar.

Translation: This little fellow made us smile tuesday, while we were wating for English class to begin.

onsdag 8. desember 2010

Sløyfekjærleik-konkurranse

Martotopia har no ein konkurranse gåande, og når premien er ei av dei nydlege sløyfene som ho syr sjølv av vintage- og second hand-stoff, so kan ein ikkje halde seg unna (i alle fall når det snart e jul).

Translation: Martotopia is soon (thursday) giving away a piece of her bow-love project to one of those who reads her blog.

mandag 6. desember 2010

Nappetassvinter

Å ta buss ein halvtime/tre kvarter kan vere litt kjedeleg av og te, men når det e so fint vinterveir so det har vore no i det siste, so sit ein heller med kameraet i fanget og har lynsnare refleksar (iallefall later ein som), og so tek ein bilete av det som flyt forbi. Og so kan ein late som om det e hundretusenvis av nappetassar nede på fjorden, i staden for steinar med is rundt.
Og litt nyfunnen musikk: Peter, Bjørn & John. Høyr!

Translation: It's not so bad to take the bus to and from school half an hour/three quarters of an hour every day when the landscape outside is so pretty as it is now. Reminds me of the little creatures in the Moomin book about Moominpapa's youth, those who took the hemul's aunt.

søndag 5. desember 2010

Ka du ynskje deg te jul?

... spør noken, og då svarer eg: "Noke so' eg ser e frå deg." Enkelt og greit, ikkje sant? Og viss ikkje det va so enkelt, so kan eg nemne noken ting so' e veldig fine:

1.: Noke med sånne på/i (men ikkje snusmumrikkenkopp, for det har eg, og av bøkene har eg "Pappaen og havet", "Sent i november", "Mummipappa på eventyr", "Trollvinter" og "Kometen kommer".)
2.: Seglskuter, sjømenn, vind i håret. Åh!
3.: Illustrasjonen seier alt.
4.: Skin so fint, ogso e dei so mystiske.
5.: Og eg prøvar å lage meg ei samling av grøne/beige/brune/lilla.
Og om noken ve ha noke meir konkret, so kanskje det kan hjelpe å gå inn på Listograhpy og sjå listene mine dar?


Translation: this year, when someone asks me what I want for Christmas, I say "Something that I know is from you". If it's still a bit tricky, I'll mention a few things I like. , and my Listography might be of some use.

lørdag 4. desember 2010

På ein lyselillla konvolutt

...som kom i postkassa i dag, sto namnet mitt i ei ukjend skrift, og inni va det to fine brevark med fine bokstavar og ord, frå Tine Katrine. Eg hadde heilt gløymt at ho hadde fått adressa mi, men det va skikkeleg fint!

Translation: Today I recieved a pale purple envelope with two sheets of paper inside from Tine Katrine. I had completely forgotten that she had my adress, and it was so nice to get a letter from her!